Riksantikvaren

Delte ut 43 millionar til arkeologi – dette var dei mest spanande funna

Del

Riksantikvaren delte ut 43 millionar kroner i tilskot til arkeologiske kulturminne i 2025. Her er nokre av dei spanande funna som vart gjort i Noreg i fjor.

Kvinne med kjæledyr i grava
Kvinne med kjæledyr i grava Norges arktiske universitetsmuseum

– Det er alltid kjekt å oppsummere året i arkeologien, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

– Arkeologiske kulturminne er utruleg viktige, uavhengig av om dei i dag er synlege eller ikkje på markoverflata. Mange av dei funna som vart gjort i 2025 er svært interessante og har bidratt til viktig ny kunnskap om landet si historie langt attende i tid, seier Geiran. 

Store variasjonar 

Riksantikvaren gjev tilskot til fleire ulike prosjekt innanfor arkeologifeltet. Blant anna til utbetaling av finnarløn, sikringsundersøkingar og tilskot til bergkunst. 

I 2025 vart det samla utbetalt 420 150 kroner i finnarløn, noko ein eksempelvis kan få dersom ein gjer funn av oldsaker i dyrka mark med metallsøk.  

Til samanlikning vart det også delt ut 15 millionar kroner til mindre, private tiltak, som er den største budsjettposten. Slike midler kan ein få viss ein skal byggje eit hus til privat bruk, ein garasje, eit tilbygg eller ei hytte/fritidshus..…  

– Tilskot frå Riksantikvaren kan ein også  få til å dekke utgifter ved arkeologiske utgravingar i samband ei rekke ulike tiltak i jordbruket, seier Geiran. 

Er det eit mindre, privat tiltak, dekkjer Staten normalt sett alle kostnadar til arkeologisk arbeid.

Sjå fleire bilete frå utgravingane på Riksantikvaren sine heimesider.

Her er nokre av dei spanande funna som blei gjort i 2025: 

Kvinna med kjæledyr i grava 

Vi elskar kjæledyra våre. Kanskje var ikkje det så ulikt for menneska som levde for 1000 år sidan? I 2023 fann to metalldektoristar over 1000 år gamle skålpenner saman med nokre beinbitar frå eit menneskeskjelett på eit jorde i bygda Sand på Senja i Troms.  

Funnet blei meldt til Troms fylkeskommune, og Riksantikvaren gav midlar til ei arkeologisk undersøking, som blei gjort av Norges arktiske universitetsmuseum i 2025.  

Funna viste seg å stamme frå ei grav med eit bevart skjelett av ei kvinne. Ho var gravlagd i ein rundt 5,5 meter lang båt saman med hunden sin. Med seg i grava hadde ho også fått reiskapar som vevsverd, handtein, bryne og sigd. I tillegg hadde ho draktutsmykning med skiveforma perler av bein eller rav, og i håret eller hovudplagget var det festa ein ring med to glassperler. 

Nybygd hellekiste i Aremark og bergkunst på nett 

Riksantikvaren gir også tilskot til å formidle og gjere arkeologiske kulturminne tilgjengelege for publikum. I 2025 byrja Østfold fylkeskommune arbeidet med å rekonstruere ei hellekiste i Aremark med tilskott frå Riksantikvaren.  

Hellekistene er graver som er laga av steinheller, og daterast ofte til bronsealderen. Dei var vanlege i Norden, spesielt i Danmark og Sverige, men i Noreg er dei sjeldnare og dei fleste er funne i Østfold. Rekonstruksjonen vil vera universielt tilgjengeleg. 

På Lista finn vi Lundesteinen som Agder fylkeskommune og Kulturhistorisk museum i Oslo fikk tilskott til i 2025. Lundesteinen har helleristningar som blei rissa inn i den for 3500 år sidan, men i dag er dei for det meste slitt bort av vær og vind. Riksantikvaren har gitt tilskot til eit digitalt formidlingsprosjekt, slik at ein også i framtida kan sjå dei fantastiske båtfigurane som er rissa inn i steinen. 

Pil og boge på Aurlandsfjellet 

Hausten 2024 oppdaga turgåar Helge Titland eit sensasjonelt funn som hadde smelta fram frå ei isfonn på Aurlandsfjellet i Vestland fylke. Fleire bearbeida stokkar lå nært fonna og ein av desse blei seinare datert til folkevandringstid, ca. 500 e.Kr.  

Riksantikvaren ga tilskott til å dokumentere funnet og hausten 2025 blei det gjennomført eit intensivt feltarbeid med representantar frå Universitetetsmuseet i Bergen og Vestland fylkeskommune. Det blei funne fleire hundre bearbeida stokkar, ei stor mengd gevir, to spydspissar, tre deler av boger, tre pilskaft og ei draktnål av bein.  

Det mest overraskende funnet var ein  bit av ei åre med sirleg ornamentikk. På grunn av dei gode bevaringshøva er funna godt eigna til ulike vitskaplege analysar, og vil truleg bidra med viktig kunnskap om tidleg fangsthistorie i framtida. Funna har fått svært stor merksemd både frå inn- og utland, og blei kåra til årets funn på Norsk Arkeologmøte i Tromsø i 2025. 

Skjellsettjande funn i Ørland 

To kamskjell, sirleg plassert på kvar si side av andletet til ei kvinne. Dette klør arkeologane seg i hovudet over etter utgravinga på garden Val i Ørland i Trøndelag fylke 

Her fann metalldetektoristen Roy Søreng gjenstander som tyda på at det lå minst to bevarte graver under åkeren.  

Riksantikvaren ga tilskot til undersøkingar og NTNU Vitenskapsmuseet gjennomførte ei utgravning i samarbeid med Trøndelag fylkeskommune. To godt bevarte graver dukka opp. Dei fann ein mann frå 700-talet med sverd, kniv og bryne, og ei kvinne frå 800-talet med draktsmykker og sigd. Ho hadde også to kamskjell, sirleg plassert like ved ansiktet.  

Gravene blir ei viktig kjelde til forsking på jernalderens liv, helse og slektskap, gjennom osteologiske og DNA-analyser. Gravgodset og kamskjella kastar dessutan nytt lys over gravskikken på ytterkysten av Trøndelag. 

Tilskotsordning Tilskot
Utbetaling av tilskot fordi det ligg føre særlege grunnar:  kr 7 962 144
Utbetaling av tilskot knytt til mindre private tiltak:  kr 15 129 196
Utbetaling av tilskot til Skjøtsel og tilrettelegging (tidlegare BARK) kr 1 854 721
Utbetaling av tilskot til Bergkunst (tidlegare BERG): kr 5 345 967
Utbetaling av finnarløn: kr 420 150
Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved sjøfartsmusea: kr 7 195 000
Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved landsdelsmusea: kr 661 478
Utbetaling av tilskot til sikring av arkeologiske kulturminne:  kr 4 429 295
SUM kr 42 997 951

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Fonnefunn i Aurland
Fonnefunn i Aurland
Universitetsmuseet i Bergen
Last ned bilde
Nybygd hellekiste i Aremark
Nybygd hellekiste i Aremark
Ida C. Wendel og Ole E. W. Hansen
Last ned bilde
Skjellsetjande funn i Ørland
Skjellsetjande funn i Ørland
Raymond Sauvage, NTNU Vitenskapsmuseet
Last ned bilde
Kvinne med kjæledyr i grava
Kvinne med kjæledyr i grava
Norges arktiske universitet
Last ned bilde

Om oss

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye