Funn av giftstoff i fleire gamle bygg
Ein pilotstudie viser høge nivå av farlege, gamle kjemikaliar i ni eldre bygningar frå heile landet. Riksantikvaren er bekymra.

I 2024 fekk ei forskargruppe frå Telemarksforskning, Norsk Folkemuseum og klima- og miljøinstituttet NILU midlar til prosjektet frå Riksantikvaren, og no er studien klar.
Den omfattar ni bygningar, frå fylka Telemark, Innlandet, Vestland og Nordland.
Rapporten viser at freda bygningar i Noreg ber på ein giftig arv frå 1900-talet. Kjemiske analysar viser høge nivå av miljøgifter som DDT, PCP og tungmetall i kjende kulturminne – mellom anna verdsarvstaden Urnes stavkyrkje. Fleire funn overskrid grenseverdiar for farleg avfall.
Les meir om funna her og sjå eigen spørsmål og svar-side på Riksantikvarens nettside
Sjå rapportane vedlagt nedst i pressemeldinga
Etter krigen kom det nye og svært effektive insektmiddel og kjemikaliar, som også vart brukte til å ta vare på og konservera kulturarven, mellom anna for å verna tømmerbygningar.
Desse stoffa vart forbodne utover på 1970- og 80-talet, då skadeverknadene vart kjende. Utfordringa er at desse stoffa har svært lang levetid.
– Samfunnet treng meir kunnskap om konsekvensane av tidlegare tiders bruk av miljøgifter. Det gjeld også bygningsvernet, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Resultata av rapporten viser at delar av den bygde kulturarven har ein giftig industriell arv. Me forstår at både eigarar av freda bygg, besøkjande, handverkarar og folk som jobbar i desse bygningane kan bli bekymra, fordi dette handlar om tryggleik for liv og helse, seier ho.
Formålet med undersøkinga har vore å byggja opp kunnskap om kva miljøgifter som har vorte brukte og framleis er til stades i gamle bygg i Noreg, og kva konsekvensar dette kan ha.
Antikvarane og handverkarane til dåtida lente seg tungt på ekspertisen til ingeniørane og kjemikarane, og dei kjende ikkje til dei helse- og miljømessige farane ved impregnerings- og insektmiddel slik me gjer i dag.
– Bygningsvernet brukte tilgjengeleg kjemisk ekspertise for å bevara bygga best mogleg og dei nytta konserveringsmiddel som også vart brukte elles i samfunnet, seier Anne Sofie Hjemdahl, prosjektleiar for studien og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.
– Dei gav dei beste råda dei kunne gi. Det betyr at bruken av slike kjemikaliar også kan gjelda heilt vanlege bygningar som ikkje er freda. I dag veit me meir om kor skadeleg desse stoffa er, seier ho.
Framleis skadeleg
Rapporten viser at kjemikaliebruken var ulik rundt omkring i landet, litt avhengig av kva slags utfordringar ein hadde med mellom anna insekt.
Støv- og materialprøver analysert ved NILUs laboratorium gir eit klart bilete av høge konsentrasjonar av miljøgifter som PAH-er, pentaklorfenol (PCP), insektmidla DDT og lindan og dessutan tungmetall.
Nivåa av lindan i støv frå Urnes og Kaupanger stavkyrkjer er til dømes i same storleiksorden som nivå for farleg avfall i jord, medan materialprøver frå Nordland avdekte farlege nivå av pentaklorfenol.
– NILUs analysar viser at funna er alvorlege. Fleire av dei identifiserte stoffa er kjende for å ha negative helse- og miljøeffektar, og er i dag regulerte gjennom internasjonale avtalar, seier forskingsdirektør i NILU, Pernilla Bohlin Nizzetto.
Bygningane i Nordland står på museum, og på 1950-talet vart dei plukka frå kvarandre og senka i eit eige impregneringsverk med PCP.
Urnes stavkyrkje vart pakka inn i plast og behandla med den giftige gassen phospin mot husbukk så seint som i 1983.
– Dei mest inngripande tiltaka vart antakeleg gjorde på høgt verdsette bygningar som vart plukka frå kvarandre og flytta, og på spesielt viktige bygningar som stavkyrkjene, seier Hjemdahl.
– For privatpersonar var det nok meir uvanleg å plukka ned ein heil bygning, dynka han i kjemikaliar og deretter setja han opp igjen på same stad, men det kan ha skjedd, seier ho.
For bygningar eigd av private er det rimeleg å rekna med at det i all hovudsak handlar om behandling av treverk på utsida av bygningen, og i mindre grad innomhus.
Kva skal folk gjera med dette?
Sjølv om berre ni bygningar er undersøkte i pilotstudien, var desse stoffa tilgjengeleg i handelen også for privatpersonar. Det er usikkert kor mange bygningar som vart behandla med slike metodar, både av antikvariske bygningar og «vanlege» hus.
– Vanleg reingjering i bustadhusa betyr mykje for å redusera potensielt farleg støv. Å sørgja for normalt godt reinhald ved å våtmoppa golv, støvsuga, tørka støv med fuktig klut og lufta hjelper deg langt på veg, også mot nyare miljøgifter, seier Nizzetto.
– Det er likevel spesielt viktig å ta førehandsreglar ved ombygging og endringar av bygningane. Handverkarar bør vera spesielt aktsame og verna seg sjølve med maske og eventuelt vernedrakt, og dei må også tenkja på at gamle bygningsrestar kan vera farleg avfall, seier ho.
Det er ikkje alltid lett å finna ut av historikken for korleis ein bygning har vorte behandla gjennom tidene, men det er stader der du kan leita:
– Vårt råd til eigarar som no blir bekymra er å finna ut mest mogleg om byggets historie, seier Hanna Geiran.
– Om bygningen din er freda, kan du ta kontakt med fylkeskommunen eller Riksantikvaren, så skal me undersøkja kva me finn om eigedommen i dei gamle arkiva våre, seier ho.
– For bygningar som ikkje er freda kan kommunen ha noko dokumentasjon i arkiva sine, og høyr gjerne med tidlegare eigarar, dersom det er mogleg, seier Geiran.
Desse bygningane vart undersøkte:
-
Urnes stavkyrkje
-
Kaupanger stavkyrkje
-
Lom stavkykje
-
Bjølstad gård
-
Rambergstua på Telemark museum
-
Rambergstua på Heddal bygdetun
-
Bakeriet på Kjerringøy/Nordlandsmuseet
-
Telegrafen på Kjerringøy/Nordlandsmuseet
-
Mathildestua på Bodøsjøen friluftsmuseum
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder










Dokumenter
Om oss
Riksantikvaren er eit direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er rådgivaren til departementet i alle saker som gjeld kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordna kulturminnestyresmakta og ansvarleg for å setja i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har eit fagleg ansvar overfor kommunane, fylkeskommunane, Sametinget, Sysselmeisteren på Svalbard og forvaltningsmusea på kulturminnefeltet.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
34 anmeldt for kulturmiljøkriminalitet i 202512.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2025 leverte Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget til sammen 34 politianmeldelser knyttet til kulturmiljøkriminalitet.
34 meldt til politiet for kulturmiljøkriminalitet i 202512.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I 2025 leverte Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget til saman 34 meldingar til politiet knytt til kulturmiljøkriminalitet.
Deler ut 17,5 millioner for bedre fartøy-kunnskap7.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har fordelt tilskudd for 2026 til fagutvikling i fartøyvernet og de tre nasjonale fartøyvernsentrene.
Deler ut 17,5 millionar for betre fartøy-kunnskap7.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren har fordelt tilskot for 2026 til fagutvikling i fartøyvernet og dei tre nasjonale fartøyvernsentrene.
I disse kirkene vil du merke forskjell til jul19.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Kirketilskuddene fra Kirkebevaringsfondet begynner nå å synes for kirkegjengerne og lokalsamfunnene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom