Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut
23.1.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.

KOMMUNION
av Lars Norén
NOREGSPREMIERE LAURDAG 31. JANUAR KL. 17.30
SCENE 2
Kva er sjukt og kva er friskt? I Kommunion møter vi åtte menneske i eit rom fylt av dyner. Dei har alle til felles at dei ikkje taklar livet der ute. Dei må skjermast frå det, pakkast inn i dyner. Det blir ikkje sagt, men det blir snart openbert at dei er på ein psykiatrisk institusjon. Kva har gjort at livet deira blei for tungt å bere der ute?

Fellesskap bygd på einsemd
- Människan måste skapa mening, varje dag, även om hon vet att det inte finns någon mening, sa Lars Norén sin gong i eit intervju med Yle.
Kanskje det er dette dei prøver på, dei åtte menneska på denne institusjonen. Eller kanskje det er det dei ikkje får til. Dei prøver i alle fall å skape eit slags liv der inne. Dei snakkar til kvarandre, med kvarandre og forbi kvarandre. Dei lengtar etter nærleik - med kvarandre og menneske der ute. Det er tragisk, det er komisk og det er djupt menneskeleg.
Men dei er.

Storhending
Det er ei sjeldan storhending innan kunsten når eit verk blir framført etter kunstnarens død. Urpremieren på Kommunion var ved Göteborg Stadsteater i fjor. At Noregspremieren blir ved Det Norske Teatret, er ikkje noka tilfelle.
Norén og Det Norske Teatret har ei lang historie saman.
Les meir.
Kommunion, som kan tyde "fellesskap" eller "vere saman", er tittelen på eitt av tre stykke som låg igjen på skrivepulten da Lars Norén døydde av Covid19 i 2021. Det er eit sterkt skodespelarlag som skal få bryne seg på teksten, og Anders T. Andersen (Verdiløse menn, Lazarus) står for regien. Han har lenge hatt ein fascinasjon for Lars Norén, men det er første gongen han får sette ein av tekstane hans i scene:
- Eg trur det første stykket eg såg var Rumäner på Teater Galeasen. Eg fekk heilt bakoversveis.
Les meir.

Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder




















Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane8.6.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.
Kva har 22. juli hatt å seie for ettertida?5.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
I år er det 15 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Kva var det som engasjerte ungdommen som var på Utøya den gongen? Og korleis har det prega ungdommeleg engasjement i dag?
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom