Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og Grønland einige om fiskerisamarbeid og kvotebytte for 2026

Del

Noreg og Grønland vart i går 8. januar einige om ein kvoteavtale for 2026 under eit digitalt møte. Avtalen byggjer vidare på det gode og langsiktige samarbeidet mellom partane, både innan fiskeri og forsking.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss. NFD

Partane har lagt vekt på berekraftig forvaltning av havressursane. I samsvar med nedgangen i torskekvoten i Barentshavet inneber avtalen for 2026 ei reduksjon av kvotenivået frå 2025.

For 2026 kan Noreg fiske 600 tonn blåkveite i Vest-Grønland og 250 tonn blåkveite i Aust-Grønland. I tillegg får Noreg ein kvote på 15 tonn kveite, 400 tonn uer, 360 tonn brosme, 100 tonn skolest og 325 tonn andre artar som bifangst i Aust-Grønland. Når det gjeld torsk, kan Noreg fiske 720 tonn torsk i vest og aust.

Grønland får på si side ein kvote på 2 920 tonn torsk, 533 tonn hyse, 454 tonn sei og 425 tonn andre artar som bifangst i Barentshavet.

– Denne avtalen viser kor viktig det er med tett og konstruktivt samarbeid mellom Noreg og Grønland. Vi har funne løysingar som tek omsyn til berekraft og samtidig sikrar aktivitet for fiskerinæringa. Det er avgjerande at vi står saman om ansvarleg forvaltning av havressursane, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Les protokollen her.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye