Medmenneske opnar Olav Duun-året 2026
8.1.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.

MEDMENNESKE
av Olav Duun
PREMIERE LAURDAG 17. JANUAR KL. 17.30
HOVUDSCENEN
Medmenneske av Olav Duun har fengsla lesarar i snart eit hundreår som roman, og seinare som teater. I 2026 er det 150 år sidan forfattaren blei fødd. I høve jubileet set Det Norske Teatret opp eit av Duuns hovudverk som stiller nokre evige spørsmål som er like relevante i dag. For stemmer det at alle har det vonde i seg?
På garden Stavsund har dei pensjonerte gardbrukarane Didrik (Geir Kvarme) og Tale (Sigrid Kandal Husjord) tatt plass i kårboligen medan sonen Håkon (Preben Hodneland) og svigerdottera Ragnhild (Ameli Isungset Agbota) har flytt inn i våningshuset i lag med den nyfødde sonen. Dei driv eit kvernbruk i tillegg til den øvrige gardsdrifta, og har så dei klarar seg.
Den vonde
Men gamle Didrik har verketrong og er sjølvrettferdig. Han får det for seg at han skal etablere eit kvernbruk i konkurranse med sonen. For Didrik er alle forhold, også dei familiære, forretningar. Han er villig til å gå over lik for å få "sin rette", som han kallar det.

Den gode
Svigerdottera Ragnhild på si side, gjer sitt beste for å redde sin eigen og andre sin familie. Ifølge svigermor Tale er ho godheita i eigen person. Ragnhild er sjølvutslettande i gjerninga for å hjelpe dei som treng det, og gjere godt for fellesskapen. Men ho er også både smart og driftig.

Er det lagnaden, eller er det ein listig plan i det godes teneste som legg snubletrådar for den slue Didriks renkespel? Det vonde drep du ikkje med øks heiter det i Medmenneske. Men Didrik blir drepen, og det med øks.
Tilbake står den hjartegode Ragnhild, med blod på hendene.
Aktuell i samtida
Medmenneske er lagt til eit trøndersk bondesamfunn mot slutten av 1800-talet, ei tid med store omveltingar. Romanen handlar også om framskritta i bondekulturen og behandlar modernitetens inntog. For regissør Johannes Holmen Dahl er dette av interesse. Dette blir understreka av Erik Hedins komposisjonar som miksar elektroniske lydbilde med fele og Nia Damerells nøkterne kostyme og scenografi. Desse gir gjenklang av fortid, men verkar moderne på same tid.
LES MEIR OM MEDMENNESKE

Olav Duun
Olav Duun (1876 - 1939) er kjend som ein av dei fremste forfattarane våre, og blei hyppig nemnt som kandidat for Nobelprisen i litteratur. Faktisk utropte Aftenposten han feilaktig til vinnar i 1926!.
LES MEIR OM DUUN
Duun-jubileet 2026
I høve jubileet inviterer Det Norske Teatret våren 2026 til samtalar, opplesingar og introduksjonar om forfattarskapen og arven etter Duun.
LES MEIR OM DUUN-JUBILEET
I rollene

Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder





















Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom