Fleire farlege stoff blir forbodne i leiketøy
Snart blir det endå tryggare å kjøpe leikar til barn.

– Regjeringa er oppteken av at produkta vi omgir oss med, skal vere trygge for forbrukarar og miljøet, spesielt for dei minste og mest sårbare blant oss. Difor er eg veldig glad for at EU har vedteke nye og strengare reglar for leketøy, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Etter vellykka forhandlingar, har EU vedteke nye og strengare reglar for leiketøy. Noreg har vore ein aktiv pådrivar i utarbeidinga av det nye regelverket.
Reglene skal verne barn og forbrukarar mot farlege kjemikaliar og gjere det enklare å kontrollere at leikar er trygge.
– Barn skal kunne leike trygt. Dette regelverket er viktig for å verne barn mot farlege kjemikaliar, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Det nye regelverket for leiketøy vil også gjelde i Noreg, ettersom vi er med i EØS-avtalen. Regelverket har fleire overgangsordningar, men vil vere fullt gjeldande etter cirka 4,5 år.
Barn er meir sårbare for kjemikaliar
Barn, som gjerne et og tygg på leikar, er spesielt sårbare for kjemikaliar. Derfor har dagens leiketøysregelverk strenge krav til kva stoff som kan brukast i leikar.
Likevel viser tal frå EUs varslingssystem at leikar er blant dei produkta som oftast blir varsla som farlege – særleg på grunn av kjemikaliar. Internetthandel gjer ikkje situasjonen enklare.
– Det er viktig at regelverka stiller strenge krav til aktørane for å verne helsa til barna, seier Hilde Singsaas.
Tidlegare i år har Miljødirektoratet kontrollert fleire produkt selt til barn. Vi fann mellom anna helsefarlege stoff i dei falske Labubu-bamsane og i fleire produkt frå nettplattforma Temu.
Lenkje: Bekymra for falske Labubu-bamsar - miljodirektoratet.no
Lenkje: Fann farlege miljøgifter i Temu-produkt - miljodirektoratet.no
Forbode med farlege stoff i leiketøy
Dagens leiketøysregelverk har allereie strenge krav til kjemikaliar, men med endringa av regelverket blir krava endå strengare og fleire typar stoff blir forbodne.
Stoff som blir forbodne i leiker er:
- Hormonforstyrrande stoff
- Tilsikta bruk av PFAS, også kjent som "evigheitskjemikaliar"
- Bisfenolar
- Stoff som kan skade luftvegane, huda eller andre organ
- Duftallergen i leiker for barn under tre år og i leikar som skal puttast i munnen
I tillegg vil spesifikke grenseverdiar for kjemikaliar ikkje lenger berre gjelde for leiketøy til barn under 36 månader, men for alle leikar.
Digitalt produktpass skal gi tryggare leikar
Netthandel har gjort det enklare å kjøpe leikar frå heile verda, men samtidig vanskelegare å kontrollere at leikane er trygge. I Noreg er derfor leiketøy eit prioritert tilsynsområde for Miljødirektoratet.
– Manglande regelverk for merking og informasjon på nett er ei utfordring for både forbrukarar og oss som driv med tilsyn hos bedrifter. Dei nye reglane med eit digitalt produktpass, altså eit bevis på at leiken følgjer gjeldande leiketøysregelverk, vil gjere det tryggare for forbrukarane og enklare for styresmaktene, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Det nye leiketøysregelverket gjer det tydeleg og set strengare krav og ansvar for alle aktørar. Eit av dei nye krava er at alle leikar i Noreg skal ha eit digitalt produktpass – ein slags «ID», som viser at leiken oppfyller tryggingskrava i leiketøysregelverket.
Produktpasset vil gjere det enklare for styresmakter å kontrollere leikar på marknaden, og gir forbrukarar lett tilgang til tryggingsinformasjon, til dømes via ein QR-kode på emballasjen og på nettsider.
Leiketøy som blir selt på Temu er også omfatta
Også nettmarknadsplassar utanfor Europa, som Temu og Amazon, må mellom anna leggje til rette for at seljarar kan vise CE-merking, produktpass og tryggingsvarsel til leiken på nettsida der leiken blir seld.
Nettmarknadsplassane kan påleggjast å fjerne innhald som ikkje overheld krava, eller å måtte publisere åtvaringar på nettsida. Dette skal gjere det lettare å finne trygge leikar på nett.
Faktaboks: Gjer leiketøyhandelen trygg
Før den nye leiketøysforordninga trer i kraft, finst det nokre tips til korleis forbrukarar kan handle produkt trygt.
- Sjekk at leiken er CE-merka. CE-merket er inga godkjenning, men er garantien til produsenten for at leiken overheld EU sine krav. Alle leikar skal vere CE-merka med det gjeldande leiketøysregelverket.
- Ta omsyn til tilråding om alder, spesielt om barnet er under tre år.
- Sjekk nettsida Farligeprodukter.no om varene du vurderer å kjøpe har vorte trekt frå marknaden i Noreg.
- Bruk tenesta Safety Gate for å sjekke tilbakekallingar i Europa.
- Sjå etter Svanemerka leiketøy.
Lenkje: Trygg netthandel - miljodirektoratet.no
Høyringar-Forslag til endra leiketøysregelverk frå EU: https://www.miljodirektoratet.no/hoeringer/2023/august-2023/forslag-til-endret-leketoyregelverk-fra-eu/
Miljødirektoratets side for leiketøysforskrifta: https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/kjemikalier/leketoyforskriften/
Nøkkelord
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Våt vinter ga kollaps i bestanden av smågnagere19.12.2025 12:28:38 CET | Pressemelding
Bestandene av mus og lemen i fjellet ble ødelagt av en dårlig vinter i 2025. Det er dårlig nytt for hele økosystemet.
Her er de grå arealene16.12.2025 12:56:11 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet publiserer i dag et nytt kart over nedbygde arealer i Norge. Målet er å utnytte slike arealer bedre når ny utbygging planlegges.
Rekordhøye nivåer av lystgass truer klimamål og ozonlaget11.12.2025 12:09:44 CET | Pressemelding
Den kraftige klimagassen lystgass fortsetter å øke og nådde nok et år rekordhøye nivåer i atmosfæren, viser ny rapport.
Fuglen hortulan antatt utdødd i Norge11.12.2025 08:07:27 CET | Pressemelding
For andre år på rad er det kun observert to hanner av trekkfuglen hortulan. Den er en nær slektning av gulspurven, og var tidligere et vanlig syn.
Fuglen hortulan anteken utdøydd i Noreg11.12.2025 08:07:27 CET | Pressemelding
For andre året på rad er det berre observert to hannar av trekkfuglen hortulan. Den er ein nær slektning av gulsporven, og var tidlegare eit vanleg syn.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom