Transportnæringa begeistra for fri køyrehøgde i E16-tunnel
10.12.2025 08:21:35 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
– Det er vorte veldig bra med fri køyrehøgde i E16 Knoltatunnelen. Me er begeistra for jobben som er gjort.

Det seier regionsjef Jan-Ove Halsøy i NLF om jobben Statens vegvesen og entreprenør Mesta har gjort i den 356 meter lange tunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.
– Mange av våre sjåførar har opplevd at bilane tek oppi taket i denne tunnelen. E16 er blodåra mellom Vestlandet og Austlandet, så me er veldig nøgde med alle tunnelar der ein får auka køyrehøgda som her. Det er gjort ein flott jobb me er veldig takksame for, legg Halsøy til.
– Veldig godt arbeid, i samarbeid med lokale underentreprenørar
Per Arne Blindheim er teknisk byggjeleiar tunnel i Statens vegvesen.
– Me har senka vegen for å auka køyrehøgda frå 4,3 til 4,5 meter. Med dette grepet unngår me problemet med at høge køyretøy tek borti tunneltak eller høgdeavgrensar. Mesta har utført jobben på ein veldig tilfredsstillande måte i godt samarbeid med dyktige lokale underentreprenørar, seier Blindheim.
Slik vart det jobba
Arbeidet vart gjort tidlegare i haust, og tok ein månad.
Det var jobba døgnkontinuerleg for å gjera arbeidsperioden så kort som mogleg.
Det var fylgjebil kvar natt, og somme dagar på dagtid då det heile tida var lysregulering. Eitt køyrefelt var til ei kvar tid ope.
– Me takkar trafikantane for godt samarbeid og stort tolmod i anleggsperioden, seier Blindheim.
Tunnelen og trafikkbiletet
Den 356 meter lange Knoltatunnelen vart opna i 1985.
Han vert gjennomsnittleg trafikkert av 5190 køyretøy per dag.
Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).
Av dette er 18 prosent, eller 934, lange køyretøy (tungtrafikk).
Nøkkelord
Bilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Starter med strekningsmåling på rv. 23.3.2026 14:49:49 CET | Pressemelding
Torsdag 5. mars kl. 11.00 starter automatisk gjennomsnittsmåling av fart på Rv. 2 mellom Sigernessjøen camping og Grasmo. Strekningen er ca. 9 kilometer lang.
E134 Etne: Treng tid for å få oversikt over losneområdet2.3.2026 15:04:04 CET | Pressemelding
Statens vegvesen treng både måndag og tysdag til arbeid i terrenget i samband med skredet ved E134 Fjæra i Etne.
Betre skredsikring er totalberedskap i praksis2.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
– Med nasjonalt beredskapslager for fanggjerde mot skred på plass, ynsker Statens vegvesen å bidra endå betre til totalberedskap i praksis.
E134 i Etne: Omfattande opprydding, ny vurdering onsdag1.3.2026 18:41:12 CET | Pressemelding
Det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid som skal til, både i fjellsida og i vegen, før vegen kan opnast att etter raset.
E134 i Etne blir ikkje opna i dag1.3.2026 13:31:41 CET | Pressemelding
E134 ved Fjæra i Etne kan bli stengd i lang tid etter det store steinskredet søndag formiddag. Geolog er på plass på rasstaden søndag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom