Nye Sotrabru er klar for kabelarbeid
4.12.2025 14:45:20 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Seint 3. desember vart den siste støypen fullført, og brutårna som ruvar over innseglinga til Bergen har offisielt nådd si fulle høgde på 145 meter. På nyåret blir det for første gong fysisk kontakt mellom tårna når arbeidet med hovudkablane startar.

– Å støype dei to brutårna har vore ei av dei mest krevjande oppgåvene i prosjektet. Vêr og vind rår vi ikkje over, og det har stilt store krav til planlegging og sikkerheit. Nye Sotrabru blir eit landemerke, og det er mektig å sjå dei to tårna stå ferdige, 145 meter over fjorden, seier prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes.
Brubyggjarar i verdsklasse
Brutårna er støypte i etappar på rundt 4,5 meter, og til saman har det gått med over 7 000 kubikkmeter betong. Byggeleiar Manhyung Bae i Sotra Link Construction har solid erfaring frå store bru-prosjekt – mellom anna var han med på bygginga av verdas lengste hengebru, 1915 Çanakkale Bridge i Tyrkia, som stod ferdig i 2022.
Nye Sotrabru sett ikkje verdsrekord, men Bae kan smykke seg med ei Noregsrekord – for nye Sotrabru vil bli den første firefelts hengebrua her i landet. Og ikkje nok med det, brua blir og Noregs breiaste hengebru – nær 30 meter brei blir ho når ho står ferdig.
– Rekordar er alltid kjekt, men det er dei særeigne utfordringane i kvart prosjekt som gir meg motivasjon. Eg er svært fornøgd med innsatsen til teamet som har jobba med brua. No byrjar vi førebuingane til det komande arbeidet med hovudkabelen – vår neste store utfordring, seier Bae.
Vêret set premissene
Arbeidet har vore sterkt påverka av vêrforholda, og ved vind over 15 meter i sekundet har arbeidarane måtta evakuerast ned frå brutårna. Vêret er han vand til å følje med på, skilnaden her er at det ikkje berre er vind men og mykje regn som spelar inn på arbeidet
– Vêrmeldingane er noko av det eg har fulgt mest med på dei siste to åra, seier Bae med eit smil.
Catwalk over fjorden
På nyåret blir det for første gong fysisk kontakt mellom dei to brutårna. Då startar arbeidet med å strekkje mellombelse kablar og montere arbeidsplattformen – «catwalken» – over fjorden. Dette markerer starten på den spektakulære operasjonen med å få hovudkablane på plass.
Kabelarbeidet er venta å starte i slutten av januar. Arbeidet vil i periodar krevje full eller delvis stenging av leden. Meir presis informasjon om tidspunkt for stenging kjem nærmare oppstart. Også denne arbeidsoperasjonen er svært vêravhengig.
Når hovudkablane er på plass, skal hengjestenger monterast, og brudekket – som består av 27 stålkassar – skal hengjast opp. Kassane er ferdigproduserte i Kina og skal fraktast med skip sommaren 2026. Transporten er venta å ta om lag tre månader.
Fakta om Nye Sotrabru
- Hovudspenn: 608 meter
- Total lengde: 901 meter
- Brutårn: 145 meter
- Breidde: 29,5 meter
- Fri innseglingshøgde: 50 x 300 meter
- Fire felt og eigen sykkelveg med fortau
- Til samanlikning: dagens Sotrabru er 1 236 meter lang med hovudspenn på 468 meter og brutårn på 100 meter
Fakta om brutårna
- Arbeidet med tårna starta hausten 2023
- 7 188 kubikkmeter betong har gått med
- 2 052 tonn armeringsjern held betongen saman
- Om lag 55 arbeidarar har dagleg vore i arbeid med dei to tårna
- Betongarbeidet er utført av Tecozam
Nøkkelord
Kontakter
Lene Sælen RivenesProsjektsjefStatens vegvesen, Utbygging
Rv. 555 Sotrasambandet
Bilder



Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 Etne: Treng tid for å få oversikt over losneområdet2.3.2026 15:04:04 CET | Pressemelding
Statens vegvesen treng både måndag og tysdag til arbeid i terrenget i samband med skredet ved E134 Fjæra i Etne.
Betre skredsikring er totalberedskap i praksis2.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
– Med nasjonalt beredskapslager for fanggjerde mot skred på plass, ynsker Statens vegvesen å bidra endå betre til totalberedskap i praksis.
E134 i Etne: Omfattande opprydding, ny vurdering onsdag1.3.2026 18:41:12 CET | Pressemelding
Det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid som skal til, både i fjellsida og i vegen, før vegen kan opnast att etter raset.
E134 i Etne blir ikkje opna i dag1.3.2026 13:31:41 CET | Pressemelding
E134 ved Fjæra i Etne kan bli stengd i lang tid etter det store steinskredet søndag formiddag. Geolog er på plass på rasstaden søndag.
17 trafikkdrepte så langt i år1.3.2026 06:30:00 CET | Pressemelding
Så langt i år har 17 personer mistet livet i trafikken. Seks av disse omkom i februar, tre av dem var fotgjengere. Det er syv flere drepte enn på samme tid i fjor. Dette viser Statens vegvesens foreløpige ulykkestall.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom