Doktordisputas: Astrid Gravdal Vølstad
12. desember skal Astrid Gravdal Vølstad forsvare avhandlinga si for doktorgrad i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.

Astrid Gravdal Vølstad forsvarer avhandlinga si for ph.d.-graden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda fredag 12. desember 2025.
Avhandlinga hennar har tittelen Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence: Experiences and Perspectives Among Victims and Perpetrators (avverjeplikta i møte med partnarvald: erfaringar og perspektiv blant valdsutsette og valdsutøvarar).
Disputasen i Volda er avsluttande del av doktorgradsstudiet «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving – vilkår og utvikling», gitt av Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.
- Programmet for disputasen: https://www.hivolda.no/disputas-astrid-gravdal-volstad
Om avhandlinga
Doktorgradsarbeidet har undersøkt partnarvaldsutsette og partnarvaldsutøvarar sine perspektiv på og erfaringar med avverjeplikta.
Resultata støttar at avverjeplikta er eit viktig tiltak for å stoppe og førebyggje partnarvald. Dei fleste valdsutsette i studien fortel om positive erfaringar, sjølv om nokre også har opplevd negative konsekvensar. Få har opplevd at dei mista tilliten til hjelpeapparatet. Over halvparten av valdsutøvarane seier at dei ikkje ville ha mista tillit dersom avverjeplikta blei brukt, og meiner at hjelparar bør melde til politiet også i tilfelle der pasientar ikkje ønskjer det. Samtidig set nokre av funna spørsmålsteikn ved praksisen rundt avverjeplikta og om risikoen for alvorleg eller gjenteken vald faktisk blir brukt som kriterium når ein vurderer om avverjeplikta er utløyst. Mange valdsutsette i studien har opplevd alvorleg vald utan at avverjeplikta har blitt brukt. Det er heller ikkje samanheng mellom kva slags vald dei valdsutsette fortel at dei har blitt utsette for, og kva erfaring dei har med avverjeplikta. Dei fleste har fått informasjon om avverjeplikta, men færre rapporterer at dei har kunnskap om avverjeplikta. Dette kan tyde på behov for meir tydeleg informasjon.
Bakgrunn
Partnarvald er eit alvorleg problem som kan få store konsekvensar for både enkeltpersonar og samfunnet. For å førebyggje og stoppe slik vald har fleire land, blant dei Noreg, lover som pålegg folk å forsøke å avverje vald, til dømes ved å melde til politiet.
Den norske lova, avverjeplikta, gjeld alle, inkludert personar som jobbar i hjelpeapparatet og som elles har teieplikt. Plikta til å avverje gjeld også i tilfelle der den som er utsett for vald, ikkje vil at nokon skal gripe inn. Dette har skapt debatt, men trass i sterke meiningar har det vore lite forsking, og ingen har tidlegare undersøkt avverjeplikta i Noreg. Det har heller ikkje vore noko forsking, verken i Noreg eller andre land, som har inkludert personar som har utøvd vald.
Målet med studien har vore å få ei betre forståing av korleis avverjeplikta fungerer i Noreg, ved å undersøkje erfaringane og perspektiva til valdsutsette og valdsutøvarar som har søkt hjelp. Doktorgradsarbeidet har vektlagt dei områda som har vore minst utforska i tidlegare forsking: valdsutsette sine erfaringar med og kunnskapar om avverjeplikta, og perspektiva til dei som har utøvd partnarvald.
Kva betydning kan forskinga få?
Studien er den første av sitt slag som undersøkjer partnarvaldsutøvarar sine perspektiv på avverjeplikta, og forskinga bidreg dermed med ny kunnskap i både norsk og internasjonal kontekst.
Funna indikerer at avverjeplikta er eit viktig verktøy for å førebyggje og stoppe partnarvald, då dei fleste valdsutsette beskriv positive erfaringar og at avverjeplikta ikkje førte til tillitsbrot, medan dei fleste valdsutøvarar var positive til plikta. Samtidig er det også fleire valdsutsette som rapporterer om negative konsekvensar, og dette understrekar at erfaringar med avverjeplikta kan vere komplekse. Dette er viktig å framheve fordi tidlegare forsking har hatt ein tendens til å sjå på avverjeplikta som svartkvit: anten god eller dårleg.
Resultata tyder på eit forbetringspotensial knytt til praksisen med avverjeplikt, både med tanke på informasjonen som blir gitt om henne, og om ho blir systematisk følgd når det er risiko for alvorleg eller gjenteken vald. Forskinga framhevar behovet for betre rutinar, tydeleg informasjon og opplæring av fagfolk, slik at førebygging av partnarvald kan skje på ein trygg og effektiv måte.
Om doktoranden
Astrid Gravdal Vølstad (30) frå Tønsberg er psykolog og har vore stipendiat ved Høgskulen i Volda. Ho fullførte profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Oslo i 2022. Etter doktorgradsarbeidet har ho jobba ved regionalt kompetansesenter for fengsels-, sikkerheits- og rettspsykiatri ved Oslo universitetssjukehus.
Som stipendiat har Vølstad vore knytt til forskingsprosjektet «Avverjeplikt i møte med partnarvald» (MANREPORT-IPV), som hausten 2025 fekk prisen for forsking og utvikling (FoU) ved Høgskulen i Volda.
Nøkkelord
Kontakter
Kommunikasjonskontoret
kommunikasjon@hivolda.noLenker
Om oss
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda tildelt prestisjetung pris for internasjonlisering27.11.2025 10:38:44 CET | Pressemelding
I kamp med alle andre høgskular og universitet i landet stakk Høgskulen i Volda av med prisen for årets Erasmus+-institusjon i 2025.
Avverjeplikt-forskarar fekk pris under Forskingsdagane19.9.2025 13:43:36 CEST | Pressemelding
Korleis kan samfunnet betre avverje partnarvald? Forskarar i Volda leitar etter viktige svar gjennom det store samarbeidsprosjektet MANREPORT-IPV. No har forskinga deira vunne årets FoU-pris ved Høgskulen i Volda.
Heidrar brørne Amdam med festskrift15.5.2025 09:00:15 CEST | Pressemelding
HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.
Doktordisputas: Erlend Walseth14.2.2025 12:08:45 CET | Pressemelding
28. februar skal Erlend Walseth forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Forskar for mindre synsing om digitale verktøy i skulen1.11.2024 09:55:42 CET | Pressemelding
Korleis påverkar skriving på tastatur når seksåringar skal skrive sine første tekstar? Ein ny studie frå Volda-forskarar blir lesen med stor interesse over heile verda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom