Høgskulen i Volda tildelt prestisjetung pris for internasjonlisering
I kamp med alle andre høgskular og universitet i landet stakk Høgskulen i Volda av med prisen for årets Erasmus+-institusjon i 2025.

Erasmus+ er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Det er det største utdanningsprogrammet i verda, med eit budsjett på 26,5 milliardar euro for perioden 2021–2027.
For Høgskulen i Volda (HVO) betyr Erasmus+-programmet at studentar kan reise på utveksling og få stipend, og at utanlandske studentar kan kome til Volda for å studere med stipend. Det same gjeld også for tilsette, som kan få støtte til utanlandsopphald. HVO har også forskings- og utviklingsprosjekt, i samarbeid med utanlandske institusjonar, som er støtta av programmet.
Førebilete og inspirasjonskjelde for andre
Prisen for årets Erasmus+-institusjon 2025 som vart delt ut i Oslo av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), er eit symbol på at HVO ikkje berre nyttar seg av Erasmus+-programmet, men at ein er i best i klassen.
«Høgskulen i Volda si systematiske tilnærming til Erasmus+-arbeidet – ikkje minst med fokus på å sende ut studentar til land i og utanfor Europa – har gjort institusjonen til eit førebilete og ei inspirasjonskjelde for andre. Høgskulen si evne til å ta godt imot innreisande studentar er viktig, og har også bidrege til å styrke integrering og internasjonalisering på campus», heitte det blant anna i grunngjevinga som vart lesen opp under ein festmiddag i hovudstaden.
NB! Studentar i Volda har meir enn 120 universitet i over 40 land verda over å velje i når dei skal reise på utveksling. Les meir om det her.
Rørande historie
Til å ta imot prisen for HVO var studiedirektør Jan Terje Eidset og Iulia Beleuta og Kari Sømme, begge tilsett ved Internasjonalt kontor, til stades.
– På vegne av Høgskulen i Volda vil eg seie at vi er veldig stolte og glade for å få denne prisen, sa Eidset.
Frå scena delte han ei fersk historie som gir eit godt bilete på kva utveksling og internasjonalisering har å seie:
– I midten av august i år fekk vi besøk på kontoret av ei gruppe med 15 tidlegare studentar som hadde 10-årsjubileum for si Erasmus-utveksling i Volda. Det var både rørande og motiverande for oss å høyre kor mykje dette semesteret i Volda har betydd for dei, og korleis denne erfaringa har vore med på å forme deira vidare studie- og yrkesval.
I møtet med desse studentane fekk vi tydeleg sett verdien av utveksling og mobilitet, i form av personleg vekst, kulturell læring og refleksjon, samt internasjonal forbrødring og vennskap. Og best av alt, studentane var heilt samde om ein ting, nemleg at slagordet til høgskulen stemmer 100 prosent – «Volda is the place you’ll never forget», fortalde studiedirektøren.
Her kan du lese heile historia frå 10-årsjubileumet og kvifor dei framleis er like forelska i Volda.
– Meir aktivitet enn størrelsen skulle tilsei
Eidset la vekt på at bak prisen ligg det godt gjennom arbeid over tid – faktisk over fleire tiår, poengterte han. Dei som til dagleg arbeider med internasjonalisering ved HVO er tidlegare nemnde Beleuta og Sømme, i tillegg til leiar for Internasjonalt kontor, Arne Humberset. Kvar av dei fire avdelingane ved HVO har også ein internasjonal koordinator som bidreg i dette arbeidet, og også Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda).
Alle dei til saman er med på å sørge for at mange Volda-studentar kvart år får reise på utveksling, og for at det til ei kvar tid er om lag 200 internasjonale studentar som er i Volda på utveksling.
Humberset var treffande nok på jobbreise i Tyskland da prisen vart delt ut i Oslo. På jobb for å gjere det internasjonale tilbodet ved HVO enda betre, gler han seg over prisen.
– Internasjonalt kontor er glade og stolte av å få ei slik anerkjenning frå HK-dir. Høgskulen har over lang tid hatt meir internasjonal aktivitet enn storleiken vår skulle tilsei, og denne utmerkinga er på mange måtar ei stadfesting på at vi har gjort ein god jobb, seier Humberset.
Les meir om utveksling ved Høgskulen i Volda her.
Heilt spesiell service
Visste du at nye internasjonale studentar som kjem til Volda blir henta på flyplassen? Den personlege servicen er det truleg ikkje mange andre institusjonar som kan skryte av verken i Noreg eller resten av verda.
HK-dir la også vekt på slik oppfølging i grunngjevinga si:
«Høgskulen i Volda har skapt eit inkluderande miljø både for utreisande og innreisande studentar, og har etablert system for tett og personleg oppfølging.
Ein viktig del av dette arbeidet er høgskulen si satsing på Pangaia, ein heim borte frå heimen og eit internasjonalt samlingspunkt på campus, som tilbyr rettleiing, aktivitetar og sosialt samvær. Pangaia har i mange år vore viktig for å sikre trivsel og integrering for innreisande studentar, og bidreg til eit levande internasjonalt miljø ved Høgskulen i Volda.»
Pangaia har eit lokale midt i hjartet av Berte Kanutte-huset på campus, som er ein møtestad for internasjonale og norske studentar. Det er tilsett eigne studentmedarbeidarar som jobbar for Pangaia.
– Desse følger opp dei internasjonale studentane, frå dei kjem på flyplassen og til dei skal reise igjen etter fullført opphald, og er soleis ein sentral del av høgskulen sitt apparat for å ta vare på studentane. Så mykje på grunn av Pangaia og det arbeidet som blir gjort der, er innreisande studentar svært fornøgde med sitt utvekslingsopphald i Volda, forklarar studiedirektør Eidset.
Arne Humberset er samd i det, og legg til:
– Det er eit viktig arbeid som skjer i Pangaia. Vi vil dele æra for denne prisen med dei, kollegaene våre ved HVO og SiVolda, og ikkje minst dei kjekke og dyktige studentane, som alle er med på å lage dette inkluderande studiemiljøet som vi er så stolte av!
Les også: Med på millionprosjekt som skal styrke IT-kompetansen i Europa
Kontakter
Kommunikasjonskontoret
kommunikasjon@hivolda.noOm oss
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda
Avverjeplikt-forskarar fekk pris under Forskingsdagane19.9.2025 13:43:36 CEST | Pressemelding
Korleis kan samfunnet betre avverje partnarvald? Forskarar i Volda leitar etter viktige svar gjennom det store samarbeidsprosjektet MANREPORT-IPV. No har forskinga deira vunne årets FoU-pris ved Høgskulen i Volda.
Heidrar brørne Amdam med festskrift15.5.2025 09:00:15 CEST | Pressemelding
HVO-professorane Roar Amdam og Jørgen Amdam står som bautaer i norsk planleggingspraksis dei siste femti åra. No vil fagmiljøet gjere stas på pionerane i Volda med eit stort heidersskrift.
Doktordisputas: Erlend Walseth14.2.2025 12:08:45 CET | Pressemelding
28. februar skal Erlend Walseth forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
Forskar for mindre synsing om digitale verktøy i skulen1.11.2024 09:55:42 CET | Pressemelding
Korleis påverkar skriving på tastatur når seksåringar skal skrive sine første tekstar? Ein ny studie frå Volda-forskarar blir lesen med stor interesse over heile verda.
Doktordisputas: Kirsti Kverndokk Bjerkan11.9.2024 12:50:35 CEST | Pressemelding
Måndag 23. september skal Kirsti Kverndokk Bjerkan forsvare avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag på Høgskulen i Volda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom