Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir)

– Eit førebilete for andre institusjonar

Del

Høgskulen i Volda er tildelt prisen som Årets Erasmusinstitusjon 2025.

To kvinner og en mann på en scene.
Prisvinnarane frå venstre: Rådgivar for utreisande studentmobilitet, Kari Strømme, studiedirektør Jan Terje Eidset og rådgivar ved internasjonalt kontor, Iulia Beleuta. HK-dir

– Høgskulen i Volda er eit førebilete for andre institusjonar. Dei kombinerer høge ambisjonar med konkrete resultat og bidreg til eit levande internasjonalt miljø, seier divisjonsdirektør i HK-dir, Ragnhild Tungesvik.

Høgskulen får prisen for det langsiktige og systematiske arbeidet sitt med Erasmus+-programmet.

– Vi er veldig stolte og glade for å få denne prisen. Vi er ein liten institusjon som ligg langt frå dei større bysentera. Av den grunn har vi kanskje jobba ekstra hardt for å få til internasjonal aktivitet og utveksling. Mobiliteten vi ser ved høgskulen i dag er resultatet av fleire tiår med arbeid, seier studiedirektør Jan Terje Eidset. 

Prisen vart delt ut for 11. gong under Erasmusseminaret for høgare utdanning 2025 i Bergen. Prisen er på 10.000 kroner som skal komme studentane til gode.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD, samt at direktoratet har overtatt flere oppgaver fra NOKUT.

Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) skal arbeide for å løfte og mobilisere kompetansen i befolkningen. Dette skal skje gjennom å gjøre utdanning, læring og karriereveiledning av høy kvalitet tilgjengelig for alle hele livet, og sikre arbeidslivets tilgang på kompetent arbeidskraft.

Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye