Har dyrka Noregs første avokado
Avokadoen er vanlegvis forbunde med eit varmt, subtropisk klima. No har forskarar ved NIBIO Særheim klart å dyrke avokado også her i landet.

Nordmenn et i snitt 2,6 kg avokado i året. Fram til no har alle vore importerte,mellom anna fordi det er for kaldt i Noreg for å dyrke avokado. No har ein ung forskar frå NIBIO Særheim teke eit viktig steg mot å endre på dette. Ho har, så vidt me veit, dyrka Noregs første avokado.
Ei smakfull overrasking
Carolina Falcato Fialho Palma har ein lidenskap for eksotisk frukt. I jobben som forskar i NIBIO har ho fått høve til å eksperimentere med dyrking i veksthus.
– Me prøvde oss på avokadotre som eit pilotprosjekt, for å få innsikt i korleis ein kan dyrke avokado i norske veksthus. Først måtte me handtere tre som gjerne blir seks meter høge, inne i eit tre meter høgt veksthus. Deretter måtte me få trea til å bløme, og blomane til å bli pollinert og setje frukt. Me hadde eigentleg ikkje venta å kunne hauste noko.
Gleda var derfor stor då Palma kunne plukke dei to første norske avokadoane. Etter plukking må frukta kvile i ei veke for å modne ferdig. Så kjem dommens time – det er tid for å skjære avokadoen i to. Korleis ser han ut inni? Og smakar han godt?
– Avokadoane hadde veldig god kvalitet! fortel Palma begeistra.
– Me var 26 tilsette som delte dei to avokadoane mellom oss, og dei scora høgt både på smak og konsistens.
Innovativ veksthusteknologi og restvarme
No ser Palma framover, mot korleis ein kan lykkast med avokadoproduksjon i Noreg.
– I prinsippet kan me dyrke kva som helst i veksthus i Noreg. Utfordringa er å gjere produksjonen økonomisk lønsam.
Ho tek derfor prosjektet vidare inn i dei mest moderne veksthusa på NBIO Særheim, der ho kan kontrollere alle faktorar som påverkar produksjonen.
– Me skal til å undersøke kor mykje energi som går med til oppvarming, kor mykje lys plantene treng, kor mykje manuelt arbeid som går med. Dette er viktige faktorar for å vurdere om produksjonen kan bli lønsam.
Eit viktig innsatsmiddel for avokadoproduksjon er varme. På Særheim blir varmt vatn leidd gjennom røyr for å varme opp veksthusa. Vatnet blir varma med elektrisitet, men Palma rettar blikket mot andre oppvarmingsmetoder.
– I Noreg har me mykje industri og datasenter som generer restvarme. Me vil undersøke korleis me kan bruke denne varmen for å dyrke varmeelskande planter, og for å utvide vekstsesongen.
Palma ser lyst på framtida for norsk frukt- og grøntproduksjon, og har allereie starta med dyrking av pasjonsfrukt i veksthus.
– Etter å ha klart å dyrke avokado, trur eg pasjonsfrukt blir mykje lettare, smiler ho.
Nøkkelord
Kontakter
Carolina Falcato Fialho PalmaNIBIO / Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 411 99 521carolina.palma@nibio.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Nytt forskningsprosjekt gir hesten en stemme14.1.2026 14:51:20 CET | Pressemelding
Hva om hesten selv kunne fortelle oss hva den foretrekker – om dekken, trening eller utstyr? I forskningsprosjektet HorseVoice lærer hester å kommunisere ved hjelp av symboler. Målet er bedre hestevelferd og mer bevisste eiere.
Magisk plante skapar både glede og konflikt19.12.2025 11:42:47 CET | Pressemelding
Kven har vel ikkje høyrt om skikken med å kysse under mistelteinen i desember? Den eviggrøne mistelteinen er knytt til jul, kjærleik og gamal folketru. I Noreg var ho lenge sjeldan og vart freda i 1956. No spreier planten seg i takt med eit varmare klima – og skapar hovudbry for mange hageeigarar.
Tel reinsdyr med dronar og kunstig intelligens17.12.2025 10:02:53 CET | Pressemelding
Dronar er allereie eit viktig hjelpemiddel i den moderne reindrifta. No testar forskarane korleis dronar og kunstig intelligens kan forenkle arbeidet med reinteljing.
PLANTEARVEN-prisen til Andrew McMillion10.12.2025 11:33:47 CET | Pressemelding
– Det var jammen uventa, sa bonden, læraren og den engasjerte såfrøentusiasten Andrew McMillion då han tysdag blei overraska med PLANTEARVEN-prisen for 2025.
Eit godt år for jordbruket i 2024, jordbruksinntekt9.12.2025 09:00:00 CET | Pressemelding
Det har vore store svingingar i jordbruksinntekta dei siste åra. Etter eit svært godt resultat i 2022, vart 2023 påverka av uver og sterk prisoppgang på viktige innsatsfaktorar. I 2024 vart det igjen eit godt kornår, og både mjølkekvote og mjølkepris auka. I gjennomsnitt vart jordbruksinntekta kr 500 300 per årsverk for bruka i driftsgranskingane. Det var ein auke på 37 prosent frå 2023, men likevel ikkje heilt på nivå med toppåret 2022. Det var bøndene på flatbygdene på Austlandet som fekk høgast jordbruksinntekt i 2024 med kr 583 600 per årsverk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom