Nye kraftverk vil gi millioninntekter til Kvam og Samnanger
16.10.2025 10:25:07 CEST | Eviny | Pressemelding
Eviny sine to planlagde kraftverk i Samnangervassdraget kan gi om lag 25 prosent auke i dei årlege kraftinntektene til vertskommunane Samnanger og Kvam. I dag får Samnanger kommune om lag 21,5 millionar kroner i inntekter frå Eviny sin kraftproduksjon i Samnangervassdraget, medan Kvam herad får 7 millionar.

– Dei to nye kraftverka vil gi ein vekst i inntektene til kommunane. Våre overslag viser at dei samla vil få rundt 7 millionar kroner meir i året. I tillegg kjem fleire titals millionar i ekstra skatteinntekter i byggjefasen og dei første driftsåra, seier Sonja Chirico Indrebø, administrerande direktør i Eviny Fornybar.
Bidraget til vertskommunane vil koma frå eigedomsskatt, konsesjonskraft, konsesjonsavgifter og naturressursskatt. I overslaget er det lagt til grunn ein kraftpris på 50 øre/kWh. Inntektene vil kunna variera frå år til. Fordelinga av ekstra inntekter mellom Kvam og Samnanger er ikkje heilt på plass, men Samnanger vil ha rundt 75 prosent av dei totale inntektene frå vassdraget, det same som i dag.
Eviny har også planar for nye kraftverk i andre kommunar. Auke i inntekter til kommunane vil variera frå prosjekt til prosjekt
Søkjer konsesjon før jul
Kraftverka vil liggja i Samnanger kommune, men det øvste magasinet (Svartavatnet ) ligg i Kvam herad. Her er nøkkelfakta om kraftverka, som no har fått sine endelege namn:
- Sotabotnen kraftverk: Pumpekraftverk ved Kvitingsvatnet som kan produsera når kraftbehovet er stort, og pumpa vatnet opp i Svartavatnet når behovet er lite. Kraftverket vil ha ein effekt på 100 MW.
- Børdalen kraftverk: Kraftverket vil liggja inne i fjellet med tilkomst via Børdalen. Inntaket blir i Kvitingsvatnet og utløpet i Samnangerfjorden. Dette vil både gi meir energi og større fleksibilitet til å produsera når behovet er størst. Kraftverket vil ha ein effekt på 159 MW
Samla sett for vassdraget vil utbygginga gi ein auke i effekten frå dagens 115 MW til 374 MW, med ein netto produksjonsauke på om lag 40 GWh.
Eviny planlegg å søkja konsesjon for dei to kraftverka før jul. NVE vil senda prosjekta ut på høyring, og kommunane skal då gi sine uttalar.
Ambisiøse naturmål
Eviny har nyleg vedtatt nye naturmål, som mellom anna slår fast at ein ikkje skal ha netto tap av kritiske og naturlege habitat i utbyggingsprosjekt frå 2030. Det vil også gjelda for kraftverka Eviny ynskjer å byggja ut i Samnangervassdraget.
– Vi har som mål at nye kraftprosjekt skal bidra til betre miljøstatus i dei eksisterande anlegga våre. I Samnanger gjennomfører vi no grundige konsekvensutgreiingar av miljø og andre relevante tema. Når vi får resultata av utgreiingane, vil vi sjå på kva avbøtande tiltak vi kan setja inn for å gjera inngrepa så små som mogleg, seier Erlend Tveiterås, prosjektleiar for Børdalen og Sotabotnen kraftverk.
Eviny har i fleire tiår samarbeidd med Norce LFI og Samnanger Jeger og fisk om miljøtiltak i Samnangervassdraget. Det har gitt kunnskap om kva tiltak som er dei mest effektive for å betra forholda for fisk i vassdraget.
– Vi har planar om ytterlegare tiltak for at laks og sjøaure lettare skal vandra opp i vassdraget. Dette er noko som vil skje uavhengig av prosjektet med nye kraftverk, seier Tveiterås.
Vil jamna ut pristoppane
45 prosent av energibruken i Norge kjem frå fossile kjelder som olje og gass. For å kutta utslepp skal fossil energibruk erstattast med straum, og mykje av dette vil vera uregulert kraft som vind og sol. I periodar med lite vind og sol kan vi få problem med å ha nok effekt tilgjengeleg i kraftsystemet. Det er bakgrunnen for at Eviny har kartlagt vassdrag som allereie er regulert til vasskraftproduksjon, for å sjå om det er mogleg å oppgradera produksjonen til å bli endå meir fleksibel.
– Det har blitt ein større ubalanse mellom forbruk og produksjon, og vi må tilpassa kraftverka våre til nye behov i samfunnet. Dei nye kraftverka vil gi oss større fleksibilitet, slik at vi kan auka produksjonen når kraftbehovet er størst. Dette vil bidra til å jamna ut dei høgaste pristoppane, seier Indrebø.
Nøkkelord
Kontakter
Jarle HodneKommunikasjonsrådgiverEviny
Tel:92280518jarle.hodne@eviny.noBilder


Om Eviny
Eviny er et av Norges største energi- og teknologikonsern, og produserer fornybar energi fra 39 vannkraftverk og to vindkraftverk på Vestlandet.
Over 800.000 nordmenn bruker Evinys ladestasjoner for elbil. Eviny satser også på hurtiglading i Sverige, Danmark og Tyskland.
Eviny etablerer landstrøm for skip både i Norge og internasjonalt
Datterselskapet BKK frakter strømmen hjem til 450.000 vestlendinger i 19 kommuner.
Eviny er eid av 17 vestlandskommuner, Statkraft og to lokale kraftlag.
Følg pressemeldinger fra Eviny
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eviny på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Eviny
Sterkt kvartal: Eviny aukar tempoet i energisatsinga21.5.2026 10:36:11 CEST | Pressemelding
Eviny har eit underliggande resultat på 892 millionar kroner i første kvartal 2026. Det er 216 millionar meir enn same periode i fjor. Konsernet gjennomfører no historisk høge investeringar i fornybar energi og straumnett.
Eviny og Skygard innleder samarbeid om utvikling av datasenterkapasitet i Vestland12.5.2026 13:59:43 CEST | Pressemelding
Eviny og Skygard har inngått et samarbeid for å utforske utvikling av datasenterkapasitet i Vestland. Målet er å legge til rette for nasjonale, sikre og bærekraftige datasenterløsninger basert på regionens tilgang på fornybar kraft, infrastruktur og kompetanse.
Eviny kjøper vindkraftverkene i Bjerkreimsklyngen28.4.2026 16:08:23 CEST | Pressemelding
Eviny kjøper vindkraftverkene i Bjerkreimsklyngen i Rogaland fra den tyske kapitalforvalteren Luxcara. Kjøpet styrker Evinys posisjon som et av Norges fremste energi- og teknologiselskaper, og er enda et steg i arbeidet med å utvikle mer kraftproduksjon i Norge.
EnergyExe henter 2 millioner kroner i pre seed investering fra Eviny Ventures26.3.2026 07:42:33 CET | Pressemelding
Det norske analyse- og teknologiselskapet EnergyExe har hentet 2 millioner kroner i pre‑seed‑kapital fra Eviny Ventures, som dermed blir selskapets første eksterne investor. Kapitalen skal brukes til videreutvikling av selskapets data- og analyseplattform samt kommersialisering av løsninger rettet mot vindkraftindustrien.
1,1 milliardar kroner i utbytte frå Eviny20.2.2026 12:01:42 CET | Pressemelding
Styret i Eviny legg til grunn eit utbytte på 1 103 millionar kroner for 2025. Det er 57 millionar kroner meir enn i fjor, og kjem dei offentlege eigarane til gode. Framover har Eviny store planar for investeringar i både nett, kraftproduksjon og lønsam elektrifisering.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom