Held fram å utbetra rv. 13 i landets største kraftkommune
20.10.2025 08:00:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen startar i veke 44 å utbedra Djupedalstunnelen i Suldal, og held dermed fram utbetringa av rv. 13 i kommunen.

Den 420 meter lange tunnelen opna i 1993, og ligg inst i Ryfylke i Rogaland, ikkje langt frå grensa til Vestland fylke.
– Vi skal gjera same jobb som vi dei siste åra har gjort i Vågstunnelen og Suldalsporten. Vi skal bergsikra, fornya vass- og frostsikring og sikra tunnelopningane, seier byggeleiar Espen Skjærbekk i Statens vegvesen.
– Vi jobbar 27. oktober - 7. november og 24. november - 5. desember. Arbeidstida blir 07.00-19.00 alle dagar, legg han til.
Det blir kontinuerleg ledebilkøyring mellom frå klokka 07.00-09.00 og 15.00-17.00. Elles blir gjennomkøyring kvar heile time, og saman med buss.
Vegvesenet oppmodar alle trafikantar til å respektera skilting og trafikkdirigering. Det handlar om sikkerheita både for arbeidarar og trafikantar.
Også dei tidene det ikkje vert arbeida, vil det vera nedsett fartsgrense i tråd med regelverket.
– Til våren held vi fram tunneljobben. Då skal vi montera kabelbru med ny og betre belysning, og setja opp nytt rekkverk. Det blir pause på grunn av vinter.
Følg med på 175.no eller appen Vegvesen trafikk for detaljar om trafikkreguleringa. Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg orientert i sanntid om trafikkbildet.
Nøkkelord
Kontakter
Espen SkjærbekkByggeleiar Statens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:908 11 760espen.skjaerbekk@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Reparerer rekkverk ved E6 Skjervengan kulvert30.4.2026 14:22:12 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen reparerer skadet rekkverk ved E6 Skjervengan kulvert i Mosjøen.
Statens vegvesen restaurerer historiske vegar i Vestland30.4.2026 12:24:38 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen jobbar no på Stalheimskleivi og Den Trondhjemske postvei i Sunnfjord.
Stenging i Fløyfjelltunnelen neste helg – berre sørgåande løp29.4.2026 15:01:16 CEST | Pressemelding
Neste helg, frå fredag 8. mai til måndag 11. mai, skal Statens vegvesen gjennomføre naudsynt arbeid i Fløyfjelltunnelen. Berre sørgåande løp (mot Bergen sentrum) blir stengt, medan nordgåande løp er ope.
Asfaltering i Glåmdalsdistriktet: Slik blir trafikkavviklingen29.4.2026 11:39:08 CEST | Pressemelding
I neste uke starter asfaltarbeider i Sør-Odal, Kongsvinger og Eidskog. Asfalteringsarbeidene starter mandag 4. mai, og vil medføre omkjøring, trafikkregulering og noe ventetid i de aktuelle områdene.
Ber trafikantene om å følge skiltet omkjøring i Sarpsborg24.4.2026 13:20:01 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og entreprenør Isachsen Anlegg AS ber trafikantene om å følge den skiltede omkjøringen for rv. 22, Iseveien mellom Dondern og Rådhusveien.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom