Brannøving i E16 Lærdalstunnelen
15.10.2025 08:00:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Aurland brann og redning samt Årdal/Lærdal brann og redning, brannvernøving i Lærdalstunnelen onsdag 22. oktober.

Tide Buss og NLF (Norges Lastebileier-forbund) deltek også.
Tidspunkt for øvinga
Stengd tunnel klokka 19.00-21.00
Manuell dirigering med ledebil klokka 18.00-18.45 og 21.00-21.30
Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Larsen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane og transportnæringa drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Dette er verdas lengste vegtunnel
Den 24.509 meter lange Lærdalstunnelen ligg på E16 i Lærdal og Aurland kommunar i Vestland.
Tunnelen vart opna i 2000 og er framleis verdas lengste oversjøiske vegtunnel.
Han blir gjennomsnittleg trafikkert av 2.220 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 27 prosent, eller 600, lange køyretøy (tungtrafikk).
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil LarsenBrannvernleiar, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:921 12 311kjetil.larsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Godt i gang med skredsikring på Skredestranda22.5.2026 12:57:02 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er godt i gang med skredsikring på E39 Skredestranda i Stad kommune i Nordfjord.
Vegarbeid på E136 ved Førnessvingen i Vestnes kommune22.5.2026 12:49:23 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter i juni vegarbeid på E136 ved Førnessvingen, mellom Gjermundnes og Hjelvika i Vestnes kommune. Arbeidet skal pågå til desember 2026.
Lyser ut konkurranse om ny Fale bru i Sunndal22.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har lyst ut konkurransen om å bygge ny bru på Rv. 70 over elven Driva. Anslått kostnad er på 453 millioner kroner.
Brannøving i rv. 13 Fatlatunnelen21.5.2026 18:49:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, saman med nødetatane og Sivilforsvaret, fullskala brannvernøving i Fatlatunnelen tysdag 26. mai.
Statens vegvesen avslørte «postkassefirma»21.5.2026 12:53:21 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har tilbakekalt alle transportløyvene til et transportselskap som kun var etablert i Norge med en postadresse, uten reell drift i landet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom