UiT Norges arktiske universitet

UiT-forskning løftast fram på Island

Del

Under debattane på konferansen The Arctic Circle Assembly blir det lagt fokus på kva for nokre strategiske vegval vi står overfor i Arktis. Der skal også UiTs forsking på tryggleik, klima og miljø løftast fram.

På innsiden av et kulturbygg
The Arctic Circle Assembly skjer på konsert- og konferansesenteret Harpa, i Reykjavik. Inger Lise Næss / UiT UiT Norges arktiske universitet

Den årlege konferansen The Arctic Circle Assembly set søkjelys på strategiske vegval vi står overfor i Arktis. Den blir halden i Reykjavik, på Island, og samlar 2000 aktørar frå politikk, organisasjonsliv, forvaltning, og forskingssektoren og næringsliv frå meir enn 60 land.

16.-18. oktober skal ein delegasjon frå UiT til Reykjavik for å byggje bruer og dele kunnskap og erfaringar.

UiTs satsingsområde

UiT er ein aktør med ei sterk internasjonal forankring, som leverer forskingsbasert kunnskap til Arktis råd. Vi bidreg til også til at Noreg kan ha ei leiande rolle innan forsking på tryggleik, klima og miljø i Arktis.

På konferansen skal delegasjonen løfte fram følgjande satsingsområde:

Internasjonalt samarbeid i fokus

UiTs handlingsrom for kunnskapsbygging blir mogleggjort gjennom plattformer for internasjonalt og nordisk universitetssamarbeid som UArctic og The Arctic Six.

På konferansen kan du også få vite meir om korleis studentar og stipendiatar frå UiT bidreg til å utvikle løysingar for berekraftige samfunn saman med internasjonale partnarar.

Det skjer gjennom The Arctic Academy for Social and Environmental Leadership (ARCADE) og International Graduate Student Research Cohort (IGSRC).

Du kan følgje UiTs delegasjon på nettsidene våre og sosiale medium.

Her er ei oversikt over deltakarar i UiT-delegasjonen og programpostar kor UiT bidreg.

Les meir om programmet på The Arctic Circle Assembly her.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

UiT Norges arktiske universitet

UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet med elleve studiesteder over hele Nord-Norge. Vi har mer enn 4000 ansatte og over 16 000 studenter. Vår visjon er å skape et nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområdene.

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye