UiT Norges arktiske universitet

Bli med på forskershow – stem på favoritten din!

Del

Åtte forskertalent gjev alt når dei går på scena under Forskar Grand Prix på torsdag. Du kan vere med å avgjere kven som vinn.

Syv damer står ute og smiler til fotografen.
Kjensler, kunstig intelligens og barnevern. Det er nokre av temaa denne spente gjengen byr på. Kaja Alexandra Halvei-Larsen / UiT UiT

Kvar haust, i samband med Forskningsdagane, konkurrerer doktorgradsstipendiatar om å nå toppen i den gjeve formidlingstevlinga Forskar Grand Prix.  

I år er det Maria, Tiziana, Synne, Henrik, Kristel, Mariken, Vanessa og Marie som skal i elden. 

I tre månader har dei øvd på presentasjonsteknikk og terpa på bodskapen sin. No har dei berre fire minutt til å begeistre publikum og sjåarar med forskinga si. 

Om KI, smådyr og engelsktalande ungar  

Frå scena på Bryggeriet i Tromsø vil dei fortelje om farane ved at KI ikkje kan føle, og om ungar som like gjerne snakkar engelsk som norsk.  

Du vil få høyre om smådyra som slit når havisen smeltar, og kva vi kan gjere for å gje ungdommar i barnevernet eit betre liv. 

Dette, og mykje meir, får du sjansen til å lære om på torsdag. 

Her er alle deltakarane.

Sjå dei live eller på VitenTV 

For å heie fram favoritten din, kan du anten delta som publikum eller sjå sendinga på VitenTV.  

  • Tid: torsdag 18. september, klokka 19 
  • Stad: Bryggeriet scene, Tromsø 
  • Digitalt: VitenTV

Nyfiken på kva anna som skjer under Forskingsdagane? Ta ein titt her.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Syv damer står ute og smiler til fotografen.
Kjensler, kunstig intelligens og barnevern. Det er nokre av temaa denne spente gjengen byr på.
Kaja Alexandra Halvei-Larsen / UiT UiT
Last ned bilde

Lenker

UiT Norges arktiske universitet

UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet med elleve studiesteder over hele Nord-Norge. Vi har mer enn 4000 ansatte og over 16 000 studenter. Vår visjon er å skape et nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområdene.

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye