Det Norske Teatret

Blir barna våre oppslukt av "ingenting"?

Del

- Barna våre er i ferd med å bli oppslukt av ei form for "ingenting", seier regissør for Den uendelege historia, Peer Perez Øian. Han siktar til den utstrakte skjermbruken dagens unge er utsette for, som øydelegg leiken og drep fantasien til barna våre. No tek regissøren opp kampen mot dette "ingentinget" med oppsetjinga av Michael Endes kjende roman Den uendelege historia. 

Ina Svenningdal spelar hovudrolla som Bastian i dramatiseringa av Michael Endes kjende barneroman Den uendelege historia.
Ina Svenningdal spelar hovudrolla som Bastian i dramatiseringa av Michael Endes kjende barneroman Den uendelege historia. Foto: Siren Høyland Sæter, Det Norske Teatret.

DEN UENDELEGE HISTORIA
av Michael Ende
PREMIERE LAURDAG 18. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN

I ei tid da barn les stadig mindre og regjeringa set av penger til eit "leseløft" for dei yngste, slår regissør Peer Perez Øian også eit slag for å bidra til lesegleda og fantasien til dei som er så gamle at mange sluttar å leike, om dei ikkje alt har gjort det. 

Fantasirike kostyme og scenografi omsluttar Ina Svenningdal, som spelar rolla som Bastian. Frå prøvane. Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.

Fantasieggande univers

Med Den uendelege historia slår Det Norske Teatret på stortromma for barn, og tek heile Hovudscenen i bruk. I Peer Perez Øians regi blir framsyninga gjennomkomponert av artist Sol Heilo, Arne Nøst har laga ein scenografi som byr på spektakulære scenebilde i samarbeid med videodesignar Åsmund Bøe, og Bianca Deigners fantasirike kostme skapar spennande karakterar. Målet er å opne rom for at barna skal dikte med sjølve:
- Så vi eksperimenterer mykje med det litt abstrakte og antydande. Litt som ei barneteikning som blir levande, forklarar Perez Øian.
Les heile intervjuet.

Regissør Peer Perez Øian. Foto: Siren Høyrland Sæter/ Det Norske Teatret.

Til kamp mot "ingentinget"

Den uendelege historia møter vi mobbeofferet Bastian, som nett har mista mor si. Faren har nok med å takle si eiga sorg, og klarer ikkje vere ein god forelder. Men ein dag kjem Bastian over ei bok, som i teaterversjonen er eit sufflimanus, og blir bokstaveleg talt oppslukt av dette. Der inne møter han fantastiske og fantasirike skapningar som lykkedraken Fuchur og helten Atréju, som skal redde barnedronninga. Riket hennar, Fantásia, er i ferd med å bli slukt av den mystiske krafta "ingentinget" fordi barn i den verkelege verda er i ferd med å miste evna til å fantasere, drøyme og lage historier. Bastian blir venn med Atréju, og saman kjempar dei for å redde både dronninga og Fantásia.

Francisco Kalle Navarro har rolla som helten Atréju, som Bastian møter i Fantásia. Foto frå prøvene. Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret

Ina Svenningdal spelar hovudkarakteren Bastian, som etter kvart blir fortapt i si eiga fantasiverd og vender seg mot vennen Atréju og sårar han.
- Bastian blir faktisk radikalisert, seier regissøren.
- Men heldigvis blir han også redda av vennene, som gir verdsbildet hans motstand.

Klassikar i barnelitteraturen

Den uendelege historia er opphavleg ein roman, skriven av Michael Ende og utgitt i 1979. Ho blir rekna som ein klassikar innan barne- og ungdomslitteraturen. Boka blei filmatisert i 1984 av Wolfgang Petersen, og tittelsongen av den britiske artisten Limahl, blei ein monsterhit. No blir boka nok ein gong filmatisert i Hollywood, men først skal ein ny teaterversjon nå ut til norske barn.

Bastian møter mange ulike vesen i Fantásia, mellom andre ein Steinknaskar. Foto: Siren Høyland Sæter/ Det Norske Teatret.

Kontakter

Bilder

Ina Svenningdal spelar hovudrolla som Bastian i dramatiseringa av Michael Endes kjende barneroman Den uendelege historia.
Ina Svenningdal spelar hovudrolla som Bastian i dramatiseringa av Michael Endes kjende barneroman Den uendelege historia.
Foto: Siren Høyland Sæter, Det Norske Teatret.
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF9.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding

Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye