Det Norske Teatret

Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 3

Del

Only Slime overgår dei fleste i å blande sjangrar. I Dragonblood møter teater klubbkultur, viking live møter K-pop og salen blir sugd inn i eit spelinspirert eventyr som ikkje kan bli sett på pause. Ei på alle måtar omsluttande og radikal oppleving. Publikum er med dette åtvara.

DRAGONBLOOD
av Only Slime
URPREMIERE LAURDAG 13. SEPTEMBER KL. 18.00
SCENE 3

Scene 3 har blitt til "Valhalla taverna", ei blanding av ei middelalder-bule, klubb og skrekk-kabinett. Publikum er midt i scenen, og vil bli inviterte til å danse undervegs. I dempa lys under blinkande lysekroner står bar-bord tett i tett rundt det som kan vere både eit langbord og ein catwalk. I eit hjørne står ein elektrisk stol, i eit anna ei påfugl-trone. Her er skjelett, gryter med kokande hjerner og roterande dildoar.

Skodespelarane er kledde i kostyme inspirerte av japansk gatemote, gotisk stil, dataspel og porno.

For mange vil dette opplevast som eit realt kultursjokk, medan andre vil finne det frigjerande crazy. Bad taste? Det finnest ikkje her.

"Fantasy-opera"

Claudia Cox og Tobi Pfeil, som står bak Only Slime, kallar framsyninga Dragonblood for ein "fantasy-opera", og musikken blandar også eit vell av stilar. Dei er inspirerte av moderne elektronisk hyperpop som Charli xcx, metallbandet Rammstein, Enyas keltiskinspirerte pop og bard core. For å nemne nokre.

Historia dei vil fortelje, er enkel. Julie The Dragon Slayer må drepe ein drake, som hemn for at mora hennar døydde. På reisa møter ho mellom andre latexkledde ASMR-hekser, alvar med rosa auge og BDSM-vikingar.
- Det handlar om å akseptere det som er annleis i deg sjølv. LES HEILE INTERVJUET MED ONLY SLIME HER.

Ung og suksessrik duo

Only Slime består av Claudia Cox og Tobi Pfeil. Cox kjem frå ei klassisk fiolinutdanning - Pfeil frå ei eklektisk blanding av fri-jazz, noise og performance. Til felles har dei ein stor kjærleik for dataspel, fantasy og sjangeroverskridingar.

Den førre framsyninga deira, dataspeloperaen AFTERLIFE, fekk i juni Norsk Komponistforenings pris for Årets verk. Only Slime er i Talent Norges program ArtEx, for "fremragende unge utøvere innen sitt kunstfelt, de som står på terskelen til et nasjonalt eller internasjonalt gjennombrudd". Det svingar definitivt rundt duoen, som no inviterer publikum inn til ei unikt drøy og tankevekkjande oppleving.

Teater og festival

Men Only Slime ønskjer å by på meir. I tillegg til framsyninga byr dei på ein mini-festival. Fleire av kveldane vil publikum også få ein ekstra konsert eller framsyning etter Dragonblood. Mellom dei er til dømes virtuell performance-duoen Team Rolfes frå USA, som har samarbeidd med artistar som Lady Gaga og Blackpink.

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF9.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding

Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.

DIFF: Slagkraftig Fossefestival1.9.2025 15:16:43 CEST | Pressemelding

DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang få rikeleg med påfyll.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye