Miljødirektoratet

Skagerrakkysten blir stadig ramma hardare av klimaendringar

Del

Auka nedbør og varmare klima rammar Skagerrakkysten hardt. Tang og tare veks vesentleg dårlegare enn for få år sidan, og matfatet til fisken har krympa.

Tang og tare er viktige gyte- og oppvekstområde for fisk og andre dyr langs Skagerrakkysten. Vi finn slike plantar i stadig mindre grad på djupt vatn, fordi klimaendringar hindrar vekst ved at meir grums frå land hamnar i vatnet og gjer det mørkare. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka.
Tang og tare er viktige gyte- og oppvekstområde for fisk og andre dyr langs Skagerrakkysten. Vi finn slike plantar i stadig mindre grad på djupt vatn, fordi klimaendringar hindrar vekst ved at meir grums frå land hamnar i vatnet og gjer det mørkare. Biletet kan brukast av pressa i samband med denne saka. Foto: Havforskingsinstituttet

– Gjennom ei rekkje målestasjonar følgjer vi utviklinga i viktige delar av det marine økosystemet langs Skagerrakkysten. På berre tre år ser vi dramatisk svekt miljøtilstand i leveområda til fisk og andre artar, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.

Mørkare vatn rammar heile næringskjeda

Ein ny rapport frå Miljødirektoratets overvakingsprogram Økokyst, viser ein markant nedgang i miljøtilstanden for store algar som mellom anna tang og tare langs Skagerrakkysten frå 2021 til 2024. Rapporten peikar på auka nedbørsmengder som ein hovudgrunn.

Store nedbørsmengder fører til at mykje partiklar, næringssaltar og humus blir skylde ut i kyststraumen, både via elvar og direkte frå land.  Dette bidreg til at lyset blir redusert raskt nedover i vanndypet. Mørkare vatn påverkar heile næringskjeda.

Matfatet til fisk og andre dyr krympar

Fleire artar av tang og tare veks no ikkje like djupt som før, noko som kjem av ein kombinasjon av dårlegare lysforhold, høgare vasstemperaturar og at auka nedbør reduserer saltinnhaldet i kystvatnet. Ved over 40 prosent av overvakingsstasjonane voks tang, tare og andre store algar minst tre meter grunnare enn ved førre registrering for berre to til tre år sidan. Den økologiske tilstanden blant algane var også forverra i 60 prosent av områda som vart undersøkte i same periode.

– Tang og tare er plantar som er avhengige av lys for å leve, noko dei får mindre av når aukande mengder regn skylder meir grums ut i kystvatnet. Dette rammar også fiskane, seier miljødirektør Hilde Singsaas.

Minkande mengd tang og tare reduserer viktige gyte- og oppvekstområde for fisk og andre dyr. I nokre fjordar har ein sett oppblomstring av maneter når vatnet blir mørkare. Manetene klarer seg betre i mørkare vatn enn fisk, som er avhengige av synet for å jakte. I tillegg er tang og tare viktige for å binde CO2, og dei produserer store mengder oksygen.

Årets rapport for Skagerrak viste også at mengda dyreplankton og hoppekreps har gått ned sida 2021. Dyreplankton er spesielt viktig som mat for fisk og andre dyr.

Jordbruksavrenning og befolkningspress forsterkar problema

Med auka nedbør renn meir jordpartiklar og næringsstoff som nitrogen og fosfor av frå jordbruksareala ut i kystvatnet. I periodar med mykje nedbør blir dei kommunale avløpssystema overbelasta, slik at mykje ureinsa avløpsvatn blir tilført kysten. Kapasiteten til fleire av desse avløpssystema er også under press på grunn av aukande utbygging.

– Når fleire partiklar og næringsstoff renn ut til kysten som følgje av auka nedbør, blir det endå viktigare å gjennomføre tiltak som reduserer tilførslene av stoff som kan skade livet i vatnet, seier Hilde Singsaas.

Årets ekstrem-sommar blir analysert

Målingane er frå sommaren 2024, som var våt og varm. Ved Færder fyr låg snittemperaturen 0,9 grader over normalen i 2024, og årsnedbøren i Sør-Noreg blir beskrivne som «Svært våt» eller «Våte» ifølgje Meteorologisk institutts analysar.

Sommaren i år var middels våt, men veldig varm. Vi kan ikkje vite eksakt kva følgjer den varme 2025-sommaren vil få for miljøtilstanden langs Skagerakkysten. Det ein veit er at opptil 90 prosent av sukkertaren langs delar av Skagerrak-kysten forsvann i perioden 1997-2007, etter somrar med svært høge sjøtemperaturar i 1997, 2002 og 2006. Hovudhypotesen den gongen var at dette kom av varmt vatn i kombinasjon med auka næringssalt-tilførsler og avrenning frå land.

– Nasjonale overvakingsprogram som Økokyst er viktige for å følgje med på endringar i økosystema våre. Neste år kjem det analysar av korleis årets ekstremt varme sommar påverka kystmiljøet i heile landet, ikkje berre Skagerrak, seier Hilde Singsaas.

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye