Praktisk informasjon til media i samband med høgtideleg opning av Stortinget 11. oktober
2.10.2025 13:25:43 CEST | Stortinget | Pressemelding
Laurdag 11. oktober klokka 13 er det høgtideleg opning av det 170. storting. Presse som ønsker å dekke opninga må akkreditere seg innan torsdag 9. september kl. 12.00.

Det er H.M. Kong Harald som føretek den høgtidelege opninga av Stortinget. Seremonien i Stortinget har tradisjonar tilbake til Grunnlova av 1814.
H.M. Kongen opnar Stortinget med trontalen. Trontalen gjer greie for hovudtrekka i regjeringa sitt arbeidsprogram og politikk for det kommande året. Etter trontalen blir meldinga om rikets tilstand lesen opp av eit medlem av regjeringa.
Det skal ikkje vera drøftingar i Stortinget så lenge H.M. Kongen er til stades på Stortinget. Difor ventar stortingspresidenten med å føreslå korleis trontalen skal behandlast til etter at han har forlate stortingsbygningen. Det er ein deputasjon av sju stortingsrepresentantar som tek imot han når han kjem inn døra på Stortinget og som ser han vel av garde igjen etter opninga.
I stortingssalen er både stortingsrepresentantar, regjeringa, representantar for embetsverket, det diplomatiske korpset og pressa til stades.
Praktisk informasjon til media
Tilgang
Alle journalistar og fotografar som ønsker å dekke den høgtidelege opninga av Stortinget må fylle ut og sende inn akkrediteringsskjema dersom dei ikkje er medlemmer av Stortingets presselosje.
Også journalistar og fotografar som er medlemmer av Stortingets presselosje må fylle inn skjemaet dersom dei ønsker å fotografere frå galleriet eller Løvebakken.
Akkreditering skjer via dette skjemaet.
Fristen for akkreditering for pressa til den høgtidelege opninga er endeleg.
Alt av fotoutstyr som skal brukast under opninga i stortingssalen må vere på plass i stortingssalen før klokka 09.00 laurdag 11. oktober.
Vi ber media, også medlemmer av presselosjen, om å bruke inngangen frå Akersgata. Alle som skal dekke opninga frå Løvebakken eller galleriet blir følgde inn. Det gjeld også medlemmer av presselosjen.
Siste frist for oppmøte i Akersgata er kl. 12.20. Alle må ta med legitimasjon og pressekort ved oppmøte. Det er ønskeleg med fint antrekk.
Dersom du har akkreditert deg og likevel ikkje vil nytta plassen, send ein epost til presse@stortinget.no for avmelding.
Høve til foto
1. Løvebakken: Gi beskjed ved akkreditering dersom dette er ønskeleg. Tilgang innanfor tilviste plassar.
2. Galleriet: Gi beskjed ved akkreditering dersom dette er ønskeleg. Desse plassane er reserverte til fotografar. Det er ei avgrensa mengde plassar. Alle som skal stå på galleriet blir følgde opp og får eigne kort som må berast synleg. Hugs igjen at fotoutstyr som skal brukast på galleriet må vere på plass i salen før klokka 09.00 på laurdag.
Videofotografar må bruke trådlaust utstyr.
I presselosjen er det vanleg tilgang for skrivande presse. For pressa blir det også mogleg å følgje opninga frå eit møterom like ved vandrehallen. Det er ikkje høve til å vera i vandrehallen under opninga.
TV-signal
Stortinget sørger for TV-signal via Stortingets kommunikasjonsknutepunkt, til fri disposisjon for alle medium. Det blir filma frå Karl Johansgate, Løvebakken, resepsjonen og vandrehallen i tillegg til stortingssalen. TV-sendinga blir levert utan tekst og kommentarar. Det er planleggt å ligge ute med bilete frå kamerakran og kontentumlyd frå ca 1230.
Kontaktperson for TV-produksjonen: Thomas Andresen, 415 19 262.
TV-sendinga vil også vere tilgjengeleg på Stortingets nett-TV. Nett-TV kan videreformidlast av alle medium etter avtale om oppretting av publiseringspunkt.
Meir informasjon om vidareformidling av nett-TV.
Kontaktperson for nett-TV: Bjørn Holta, 971 58 040.
Under møtet i stortingssalen må det berre nyttast lydlaust utstyr. Det er ikkje mogleg å forlate salen under møtet.
Foto frå opninga av Stortinget
På Stortingets mediearkiv blir det lagt ut foto frå opninga som er til fri bruk mot kreditering.
Meir informasjon
Les meir informasjon om den høgtidelege opninga på nettsidene våre.
Kontakter
Øyvind TorvundSeniorrådgiver
Tel:90776077oyvind.torvund@stortinget.noBilder

Om oss
Stortinget er Norges nasjonalforsamling. De viktigste oppgavene til Stortinget er å vedta lover, bestemme statens budsjett og kontrollere regjeringen.
Følg pressemeldinger fra Stortinget
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stortinget på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Stortinget
Priv. til red.: Fremleggelse av forslag til statsbudsjett for 20272.10.2026 09:59:44 CEST | Presseinvitasjon
Regjeringens forslag til statsbudsjett for 2027 legges frem onsdag 7. oktober når finansminister Jens Stoltenberg holder finanstalen i Stortinget. Nedenfor følger praktisk informasjon til pressen om medieopplegget i Stortinget denne dagen.
Høgtideleg opning av Stortinget 2. oktober24.9.2026 13:54:00 CEST | Pressemelding
Fredag 2. oktober klokka 13 er det høgtideleg opning av det 171. storting. Presse som ønskjer å dekke opninga må akkreditere seg innan torsdag 1. oktober kl. 10.00.
Viseformannen i Vietnams nasjonalforsamling besøker Stortinget24.9.2026 10:57:33 CEST | Presseinvitasjon
Stortingets første visepresident Morten Stordalen tar 25. september 2026 imot viseformannen i Vietnams nasjonalforsamling, Nguyen Doan Anh.
Priv. til red.: Åpen kontrollhøring om kontroll og kultur i utenrikstjenesten23.9.2026 12:24:36 CEST | Pressemelding
Kontroll- og konstitusjonskomiteen holder åpen høring om kontroll og kultur i utenrikstjenesten onsdag 30. september og torsdag 1. oktober.
Lars Haltbrekken til Arktis-møte på Grønland21.9.2026 12:26:08 CEST | Pressemelding
Lars Haltbrekken (SV) deltar på møte i det arktiske parlamentarikersamarbeidet 22.-24. september i Ilulissat på Grønland hvor klimaendringer og forholdet mellom USA, Grønland og Danmark står på agendaen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom