Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 3
11.9.2025 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Only Slime overgår dei fleste i å blande sjangrar. I Dragonblood møter teater klubbkultur, viking live møter K-pop og salen blir sugd inn i eit spelinspirert eventyr som ikkje kan bli sett på pause. Ei på alle måtar omsluttande og radikal oppleving. Publikum er med dette åtvara.

DRAGONBLOOD
av Only Slime
URPREMIERE LAURDAG 13. SEPTEMBER KL. 18.00
SCENE 3
Scene 3 har blitt til "Valhalla taverna", ei blanding av ei middelalder-bule, klubb og skrekk-kabinett. Publikum er midt i scenen, og vil bli inviterte til å danse undervegs. I dempa lys under blinkande lysekroner står bar-bord tett i tett rundt det som kan vere både eit langbord og ein catwalk. I eit hjørne står ein elektrisk stol, i eit anna ei påfugl-trone. Her er skjelett, gryter med kokande hjerner og roterande dildoar.
Skodespelarane er kledde i kostyme inspirerte av japansk gatemote, gotisk stil, dataspel og porno.
For mange vil dette opplevast som eit realt kultursjokk, medan andre vil finne det frigjerande crazy. Bad taste? Det finnest ikkje her.
"Fantasy-opera"
Claudia Cox og Tobi Pfeil, som står bak Only Slime, kallar framsyninga Dragonblood for ein "fantasy-opera", og musikken blandar også eit vell av stilar. Dei er inspirerte av moderne elektronisk hyperpop som Charli xcx, metallbandet Rammstein, Enyas keltiskinspirerte pop og bard core. For å nemne nokre.
Historia dei vil fortelje, er enkel. Julie The Dragon Slayer må drepe ein drake, som hemn for at mora hennar døydde. På reisa møter ho mellom andre latexkledde ASMR-hekser, alvar med rosa auge og BDSM-vikingar.
- Det handlar om å akseptere det som er annleis i deg sjølv. LES HEILE INTERVJUET MED ONLY SLIME HER.

Ung og suksessrik duo
Only Slime består av Claudia Cox og Tobi Pfeil. Cox kjem frå ei klassisk fiolinutdanning - Pfeil frå ei eklektisk blanding av fri-jazz, noise og performance. Til felles har dei ein stor kjærleik for dataspel, fantasy og sjangeroverskridingar.
Den førre framsyninga deira, dataspeloperaen AFTERLIFE, fekk i juni Norsk Komponistforenings pris for Årets verk. Only Slime er i Talent Norges program ArtEx, for "fremragende unge utøvere innen sitt kunstfelt, de som står på terskelen til et nasjonalt eller internasjonalt gjennombrudd". Det svingar definitivt rundt duoen, som no inviterer publikum inn til ei unikt drøy og tankevekkjande oppleving.
Teater og festival
Men Only Slime ønskjer å by på meir. I tillegg til framsyninga byr dei på ein mini-festival. Fleire av kveldane vil publikum også få ein ekstra konsert eller framsyning etter Dragonblood. Mellom dei er til dømes virtuell performance-duoen Team Rolfes frå USA, som har samarbeidd med artistar som Lady Gaga og Blackpink.

Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder



Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
Medmenneske opnar Olav Duun-året 20268.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.
Serhat Yildirim tek over for Jonas Benyoub5.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Jonas Benyuoub trer til side og gir hovudrolla i suksessframsyninga Da vi var yngre vidare til skodespelar Serhat Yildirim.
Julian Blaue om kunst og sjalusi4.12.2025 14:55:31 CET | Pressemelding
Scenekunstnaren Julian Blaue og forfattaren Edy Poppy er begge kjende for å nytte sine eigne liv i kunsten sin. No kjem kunstnarparet til Scene 3 med ei framsyning om sjalusi, kunstnarleg avundsjuke og kva teater eigentleg er.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom