Milo Rau – når politikk og teater ikkje er mogleg å skilje
10.9.2025 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, no gjer eit stopp på RESISTANCE NOW-turneen på Det Norske Teatret.

WORKSHOP MED MILO RAU
LAURDAG 13. SEPTEMBER KL: 12.00
SAMTALE MED MILO RAU: ON THE ART OF RESISTANCE
LAURDAG 13. SEPTEMBER KL. 18.00
ANTIGONE IN DE AMAZON
av Milo Rau / MST & NTGent (Belgia)
LAURDAG 13. SEPTEMBER KL. 14.00 og 19.00
SCENE 2
Rau er rabulisten i europeisk teater og meiner at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men å endre henne. Han er blitt omtala som både den “mest påverknadsfulle”, “mest skandaløse” og “mest ambisiøse” europeiske regissøren i vår tid.
Sveitsiske Rau kjem til Fossefestivalen med framsyninga Antigone in de Amazon. Med denne har han saman med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa skapt ein politisk versjon av Antigone for det 21. hundreåret.

Aktivistisk teater
Antigone in de Amazon (frå 2023) kastar lys over ein dramatisk konflikt i nyare brasiliansk historie, der ein fredeleg demonstrasjon om jordbrukarrettar resulterte i at 19 bønder blei drepne av militærpolitiet. Framsyninga er ein allegori over den moderne stat og eigedom- og bruksrett, fortalt gjennom bruk av dokumentariske element, film, musikk og gjenskapte hendingar - i møte med Sofokles sin Antigone.

Resistance now!
Den anerkjende teaterregissøren har utvikla eit globalt program der han tar sikte på å kople saman kulturmenneske frå heile verda i ein delvis symbolsk, delvis praktisk handling av solidaritet og kulturell motstand mot autoritære krefter, isolasjonisme og sensur. RESISTANCE NOW! er så langt støtta av 200 kulturorganisasjonar i 50 land. Målet for kampanjen er eit samarbeid med EU om eit nytt juridisk rammeverk som tar sikte på å beskytte kultur og ytringsfridom: Den europeiske kulturfridomsloven.
RESISTANCE NOW-kampanjen følger opp Milo Raus’ utforsking av den ekstreme høgresida, som for eksempel prosjekta hans BREIVIKS STATEMENT (2012) – som blei forbode i fleire land – eller THE VIENNA TRIALS (2024), der han stilte det høgreekstreme partiet FPÖ for retten. I 2026, som eit klimaks på RESISTANCE NOW-turneen, vil Rau lansere ei offentleg konstitusjonell rettssak mot det tyske høgreekstreme partiet AfD (Alternativ for Tyskland) under tittelen THE TRIAL AGAINST GERMANY.
Regissør Milo Rau

Milo Rau er eit stjernenamn i europeisk teater. Han har vore teatersjef ved NTGent og frå 2023 kunstnarisk leiar for Wiener Festwochen. Rau sitt kunstsyn og utrykk er at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men å endre ho. Gjennom iscenesettingar av politiske spel og maktkampar i ulik form, peikar han på strukturelle samfunnsproblem. Rau har gjesta toneangivande festivalar som Berliner Theatertreffen, Festival d`Avignon og la Biennale di Venezia.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noLenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
Pippi på sirkus i Relæxt versjon12.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme. - Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.
Gazaliv og Palestinaprogram12.2.2026 11:41:16 CET | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom