Premiere på Vinter og Skodespelet under Fossefestivalen
4.9.2025 09:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
I morgon sparkar Fossefestivalen DIFF i gang med lansering av Vaim, den nye romanen til Jon Fosse. Deretter blir det premiere på Vinter i ei nytolking av det belgiske stjerneskotet Lisaboa Houbrechts. Laurdag byr vi på urpremiere på Skodespelet, eit heilt nytt stykke frå Fosses hand.

OPNING AV FOSSEFESTIVALEN OG LANSERING AV VAIMav Jon Fosse
FREDAG 5. SEPTEMBER KL. 18.00VINTER
av Jon Fosse
PREMIERE FREDAG 5. SEPTEMBER KL. 20.00
HOVUDSCENEN
SKODESPELET
av Jon Fosse
URPREMIERE LAURDAG 6. SEPTEMBER KL. 17.30
SCENE 2
VINTER - ein atmosfærisk meditasjon om kjærleik

Regissør Lisaboa Houbrechts ønskjer å undersøke spørsmål kring temaet kjønnsidentitet, og har valt skodespelarane Kyrre Hellum, Tani Dibasey og Carl Martin Eggesbø til rollene i Jon Fosses Vinter. Stykket er eigentleg skrive for ein mann og ei kvinne, og handlar om å finne sin plass, om å bli akseptert, og det skjøre forholdet mellom «eg»-et og «dei andre».
Den belgiske regissøren er hylla på den europeiske teaterscenen for sine uttrykksfulle oppsetjingar der ho nærast komponerer bilde og lar dei ulike kunstdisiplinane flette seg i kvarandre.
- Eg vil opne opp, eg vil kjenne kjøtet i historia, i forteljinga, det politiske kjøtet, men utan å lage politisk kunst, seier regissør Houbrechts. Les heile intervjuet her.
SKODESPELET - heilt nytt Fosse-stykke

Den formsterke duoen Johannes Holmen Dahl og Nia Damerell har vore så heldige å vere dei første som får sette den nye teksten frå Jon Fosse i scene. Her bryt Fosse med både forventningar og klisjear. Det handlar om dei store spørsmåla - livet, døden, kjærleiken. Men ein innpåsliten skodespelartrupp byr på forviklingar og humor.
- For meg handlar Skodespelet om dei indre spenningane i oss menneske, mellom fornuft og kjensler, mellom tryggleik og begjær, og mellom det trivielle og det opphøgde, seier skodespelar Thea Lambrechts Vaulen. Les heile intervjuet her.
Meir på nettsidene våre:
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noFølg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
Pippi på sirkus i Relæxt versjon12.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme. - Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.
Gazaliv og Palestinaprogram12.2.2026 11:41:16 CET | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom