Pukkellaksfangsten svekka av vårflaumen i nokre elvar
Førebelse anslag frå 17 av over 50 elvar som hadde pukkellaksfelle i sommar, viser at få pukkellaks fekk gyte der fellene kunne monterast tidleg nok.

– Vi må forsterke tiltaka mot pukkellaks. Desse førebelse tala for 2025 viser at pukkellaksfeller i all hovudsak fungerer godt når dei kjem på plass i tide. Samtidig ser vi at sein snøsmelting og andre naturforhold kan skape utfordringar. Dette gir nyttige erfaringar for å kunne få bukt med pukkellaks i kommande sesongar. Eg ser fram til å få resultatet for dei resterande elvane, og ikkje minst det viktige Tanavassdraget, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Pukkellaks-teljingar som Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har gjort ved hjelp av dykkarar, viser at det å sperre av elvane kan vere opp mot 100 prosent effektivt når fellene kjem tidleg nok i drift og fungerer som planlagt, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Raoul Bierach.
Stor variasjon mellom elvane
Teljingane viser at nokreon feller stoppa så godt som all pukkellaksen som kom i sommar. I fem av elvane i Varanger vart det funne til saman 14 pukkellaks ovanfor fellene. I dei same elvane vart 21686 pukkellaks stoppa med felle og nót. I to andre elvar vart det observert høvesvis 40 og 95 pukkellaks ovanfor fellene, også dette svært låge tal. Seks av dei kartlagde elvane hadde mellom 100 og 700 pukkellaks på oversida av fellene. I to andre elvar fann ein omtrent 1000 og 1900 pukkellaks. I desse to elvane vart det fanga 7601 og 12394 pukkellaks, så her har ein trulegantakeleg stoppa mellom 85 og 90 prosent av pukkellaksen som kom.
Sein vårflaum gjorde at det i enkelte elvar vart for utrygt å setje opp feller så tidleg som ein kunne ønskeønskte. Det medførte at til dels mykje pukkellaks rakk å komme seg opp i nokre elvar før fellene var på plass.
– Der vårflaumen varte langt ut i juli kom dessverre mykje av pukkellaksen seg opp i elvane før det var trygt å montere fellene, seier Raoul Bierach.
Kvænangselva og Reisaelva skil seg ut med så mange som høvesvis 23 000 og 10 000 pukkellaks observerte ovanfor pukkellaksfellene. For Reisaelva er det reelle talet antakeleg sannsynlegvis mykje høgare, på grunn av vanskelege forhold for teljing. Når fellene først vart monterte fungerte dei også her godt, og fanga til saman 15 000 pukkellaks i desse to elvane.
Truleg mykje pukkellaks opp i Tana før fella var ferdigmontert
Også i den store og krevjande Tanaelva var det lenge vanskelege arbeidsforhold på grunn av sein snøsmelting og mykje vatn. I tillegg var nokre av delane til fella forseinka frå leverandør. Mykje pukkellaks kan derfor ha komme seg opp i Tanaelva før den 400 meter lange fella var på plass eit stykke ut i juli. Det går føre seg berekningar av kor mykje pukkellaks som kom seg opp i Tanaelva, og vi vil komme med endelege tal seinare i år.
Etter at fella var montert vart det stoppa nesten 29 000 pukkellaks i Tanaelva.
I sommar har totalt over 157 000 pukkellaks vorte stoppa frå å komme seg opp i norske elvar, gjennom ein god innsats frå lokale elveforvaltarar i over 100 vassdrag i Nord-Noreg.
Les meir om pukkellaks på Miljødirektoratets temaside.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
15 000 nye næringsarealer planlagt i naturen22.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
En ny rapport fra Norkart viser at majoriteten av dagens planlagte næringsområder er naturområder.
15 000 nye næringsareal planlagde i naturen22.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Ein ny rapport frå Norkart viser at majoriteten av dagens planlagde næringsområde er naturområde.
Bekymret for skader fra ATV-er og annen motorferdsel på barmark20.9.2025 15:06:43 CEST | Pressemelding
Sårbar natur skades av økt motorferdsel. Nå tar Miljødirektoratet i bruk kunstig intelligens for å få bedre oversikt over utviklingen.
Bekymra for skadar frå ATV-ar og annan motorferdsel på barmark20.9.2025 15:06:43 CEST | Pressemelding
Sårbar natur blir skadd av auka motorferdsel. No tek Miljødirektoratet i bruk kunstig intelligens for å få betre oversikt over utviklinga.
Rekordtykt ozonlag over Norge i 202419.9.2025 10:06:32 CEST | Pressemelding
Ny rapport viser høye ozonverdier store deler av året i atmosfæren over Norge i 2024, spesielt på de arktiske målestasjonene i mars.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom