Statens vegvesen

E16 stenger ved Dalseidtunnelen 11. oktober

Del

Laurdag 11. oktober blir det støyp av den siste portal-seksjonen på Dalseidtunnelen. Dette betyr at E16 vert stengd frå laurdag kl. 07.00 og fram til søndag 12. oktober kl 12.00.

Slik såg det ut då nest siste seksjon vart støypt, 20. september.
Slik såg det ut då nest siste seksjon vart støypt, 20. september. Statens vegvesen

Den fjerde og siste støypen på den nye rassikringsportalen på Dalseidtunnelen skal utførast laurdag 11. oktober.

Slik som sist, må europavegen haldast stengd medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengd for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.

Stengt til søndag føremiddag

E16 blir stengd ved Dalseidtunnelen frå kl 07.00 på morgonen laurdag 11. oktober. Det er venta at vegen vil bli opna igjen innan klokka 12.00 søndag føremiddag.

Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.

Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.

Ved svært dårlege vêrmeldingar, kan støypen bli flytta fram ei veke, til 18. oktober.

Skredsikring

Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.

I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet. Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Sjølve betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026.

Kontakter

Bilder

Slik såg det ut då nest siste seksjon vart støypt, 20. september.
Slik såg det ut då nest siste seksjon vart støypt, 20. september.
Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye