Ny satsing på digitalisering av historiske arkiv
Måndag 22. september opna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ei ny satsing på digitalisering av historiske arkiv på Tynset. Det markerer starten på ei stor opptrapping av Arkivverkets arbeid med å gjere arkiva i samfunnet tilgjengelege digitalt. Satsinga på digitalisering har vorte mogleg gjennom ei løyving på 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025.

– Det er eit enormt potensial i den informasjonen Arkivverket løftar frå pennestrøk til søkbare data, sa kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery då ho opna den nye satsinga.
Norsk helsearkiv har allereie utvikla effektive metodar for digitalisering av pasientjournalar. Ved å byggje vidare på denne erfaringa, kan Arkivverket no leggje til rette for ein meir stadsuavhengig, driftsrimeleg og berekraftig tilgang til historiske arkiv.
– Det er veldig bra at samfunnet kan bruke infrastrukturen som allereie er utvikla for éin type arkivmateriale, til å auke tempoet og mengda på digitaliseringa av andre typar arkiv, sa Jaffery.
Til nytte for heile samfunnet
Det aller meste av arkivmaterialet Arkivverket forvaltar, finst framleis på papir. Når meir av materialet blir digitalt, aukar potensialet for å bidra til ny kunnskap. Det blir enklare å ta vare på rettane til innbyggjarane, og å støtte ein meir effektiv offentleg sektor.
Over 200 hyllemeter kopibøker er klargjorde og sende til Norsk helsearkiv på Tynset, og dei første bøkene, mellom anna frå Rikstrygdeverket, Prisdirektoratet og Arbeidsdirektoratet, blir no digitaliserte.
Første steg i ei langsiktig satsing
Oppstarten på Tynset er ei minsteløysing som gradvis skal trappast opp. Målet for 2025 er å digitalisere 200 hyllemeter med arkivmateriale, og i 2026 er ambisjonen å auke produksjonen til 2000 hyllemeter. Det betyr at langt meir av det felles nasjonale minnet vårt blir tilgjengeleg for forvaltninga, forskarar og innbyggjarar.
Prosjektet skal også utvikle nye visings- og søkjeløysingar, slik at digitalisert materiale raskt kan takast i bruk av saksbehandlarar, forskarar og andre brukarar.
– Vi startar med ei minsteløysing og byggjer stein på stein, slik at vi kan lære og utvikle oss undervegs. Dette er eit viktig steg mot å gi samfunnet rask og enkel tilgang til arkiva vi forvaltar, seier riksarkivar Inga Bolstad.
Nøkkelord
Kontakter
Helene Synnøve MoSeniorrådgiver og pressekontaktStrategi og kommunikasjon
Tel:93434489helsmo@arkivverket.noBilder


Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.
Følg pressemeldinger fra Arkivverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkivverket
Arkivverket blir Nasjonalarkivet18.12.2025 10:57:33 CET | Pressemelding
1. januar 2026 skiftar Arkivverket namn til Nasjonalarkivet. Namneendringa følgjer av ny arkivlov.
Norske utvandrarhistorier: No kan du søkje i amerikabreva15.12.2025 08:50:23 CET | Pressemelding
Korleis var det å starte eit nytt liv i Amerika? No kan du lese om opplevingane til dei norske utvandrarane med deira eigne ord.
Milliondryss til gode arkiv-idear: Her er dei 49 prosjekta som får årets arkivutviklingsmidlar12.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
– Med ny arkivlov på plass frå nyttår, er døra opna for meir nytenking. Det er spanande at fleire av dei som får utviklingsmidlar i år, har idear om meir effektive måtar å løyse viktige arkivoppgåver på, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Over 300 brudd på arkivloven i 2024 – nå kommer nytt regelverk23.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Viktig dokumentasjon blir ikke lagret, slettes og mugner. Arkivverket avdekket i 2024 en rekke alvorlige feil og mangler gjennom tilsyn hos 56 kommuner og statlige virksomheter. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery varsler nytt regelverk fra nyttår.
Presseinvitasjon: Nordiske arkivdager 20251.9.2025 12:58:34 CEST | Presseinvitasjon
HKH Kronprins Haakon deltar på åpningen av Nordiske arkivdager 16. september. Konferansen finner sted i Oslo. Kulturminister Lubna Jaffery åpner konferansen og Anatolii Khromov, riksarkivar i Ukraina, er en av hovedtalerne. I tillegg står bruk og regulering av kunstig intelligens høyt på agendaen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom