Fleire passasjerar i august og rekord på Bergen lufthamn
11.9.2025 09:05:00 CEST | Avinor | Pressemelding
Nær 5 millionar passasjerar reiste gjennom norske lufthamner i august. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med august i 2024.

Trenden med aukande tal på reisande til og frå utlandet held fram, men veksten var like stor blant innanlandsreisande i august.
Rekord på rekord på Bergen lufthamn, Flesland
-August var ein månad med god samla utvikling for Avinor sine 43 lufthamner, og ein auke på 4 prosent passasjerar i både innan- og utanlandstrafikken. Både Nord-Noreg og Vestlandet har hatt betydeleg vekst. Bergen lufthamn hadde enda ein rekordmånad i august, den tredje på rad, med 6 prosent vekst mot fjoråret og heile 11 prosent høgare passasjertal enn i 2019, fortel Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
-Sommarmånadene har vore svært gode, og i perioden juni til og med august har alle lufthamnene samla hatt passasjertrafikk på over 2019-nivå. Framover ventar vi ei meir moderat utvikling, særleg til vinteren der utviklinga i kapasitet hos flyselskapa på Avinor sine lufthamner er forventa å vere svak, seier Riise.
-På Oslo lufthamn held diverre trenden med ei svakare utvikling enn hovudflyplassane i nabolanda våre fram, både i høve til Arlanda i Stockholm og særleg Kastrup i København. Dette uroar oss da Oslo lufthamn er utruleg viktig, ikkje berre for Austlandet og hovudstaden, men for heile Noreg si konkurransekraft og internasjonale attraktivitet, forklarer Riise.
Turismen aukar i Nord-Noreg
-Lufthamnene nord for Trondheim hadde om lag 11 prosent vekst samanlikna med fjoråret og 14 prosent vekst mot 2019. Turisme er ein svært viktig drivar for denne utviklinga, og syner enda ein gong den sterke trenden Noreg opplever i dette reisesegmentet. August er også ein typisk feriemånad i Europa og andre deler av verda, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 56.000 kommersielle flyrørsler i august. Dette er 3 prosent auke samanlikna med august i fjor. Så langt i år er det 2 prosent fleire flyrørsler enn på same tid i fjor.
Ny årsrekord for droneflyging
I løpet av september vil talet på lovlege droneflygingar passere talet for heile 2024.
– Det er inspirerande å sjå at fleire vel å fly på ein trygg og synleg måte. Når vi får så mange innmelde flygingar midt i høgsesongen, syner det at ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, og denne utviklinga heier vi på, seier Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt droneprogram.
Dronetal for august:
Talet på droneplanar i august: 3.702
Talet på droneplanar så langt i år: 22.024
Samanlikna med august 2024: + 45 %
Hittil i år, samanlikna med i fjor: + 33 %
Sjå fleire tal for Avinors lufthamner i vedlegg.
Nøkkelord
Bilder
Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Prøvedrift av multippeloperasjoner i Bodø er i gang12.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Avinor har denne uken startet prøvedrift av multippeloperasjoner ved Remote Tower Centre (tårnsenteret) i Bodø. Multippeloperasjoner innebærer at én AFIS-fullmektig kan håndtere mer enn én lufthavn fra samme arbeidsposisjon. Løsningen er utviklet for å sikre trygg, stabil og effektiv tjenesteutøvelse. Dette vil føre til bedre benyttelse av ressursene og økt robusthet.
Vinterturismen pregar talet på reisande i januar: – Er i sterk vekst11.2.2026 14:00:00 CET | Pressemelding
3,6 millionar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i januar. Det er ein auke på 3 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken skuldast mellom anna fleire internasjonale reisande.
Icelandair åpner ny vei fra Nord-Amerika til Arktis11.2.2026 13:00:00 CET | Aktuelt
Icelandair starter direkterute mellom Tromsø og Keflavik fra oktober 2026. Samtidig gjør selskapet Bergen til helårsdestinasjon. Satsingen styrker tilgjengeligheten fra Nord-Amerika til både Nord-Norge og Vestlandet, særlig i vintersesongen.
Vinterrush på Stavanger lufthavn11.2.2026 12:26:50 CET | Pressemelding
Når vinterferien treffer samtidig med vinter-OL, merkes det godt i trafikken gjennom Sola. 194 000 rogalendinger skal ut og reise de neste ukene.
Vinterrush på Trondheim lufthavn, Værnes11.2.2026 11:56:40 CET | Pressemelding
Når vinterferien treffer samtidig med vinter-OL, merkes det godt i trafikken på Værnes. 220 000 trøndere skal ut og reise de neste ukene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

