Utan fagfolk fell Vestlandet
4.9.2025 12:42:32 CEST | NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon | Kronikk
Sjølv i ei tid med nedbemanningar i regionen, må vi sikre kompetanse for framtida. Realfaga må få større plass i skulen.

NITO foreslår fem konkrete tiltak for å unngå ei kompetansekrise.
Ifølgje årets behovsundersøking frå NITO oppgjev 7 av 10 bedrifter på Vestlandet at dei synest det er vanskeleg å få tak i rett ingeniørkompetanse. Samstundes trur også 7 av 10 at behovet for ingeniørar vil auke. Det største behovet er innan bygg, elektro og maskin.
Likevel ser vi nedbemanningar på Vestlandet. Den siste tida har vi mellom anna fått meldingar om at 300 kan miste jobben ved Rosenberg Worley, Norsk Hydro skal kutte 750 tilsette, og Tryg i Bergen kuttar 48. Difor er det viktig at politikken i Noreg stimulerer til industriell vekst, slik at det òg blir behov for eksisterande kompetanse.
Samfunnet treng ingeniørar og teknologar, i dag og i morgon.
Færre vel realfag i vidaregåande, og kompetansen i befolkninga forfell. Dersom vi ikkje gjer endringar i skulen, vil det bli utdanna færre ingeniørar framover. Dette skjer samstundes som store ingeniørkull er på veg til pensjonistane.
NITO representerer 115 000 ingeniørar og teknologar over heile landet. Dei planlegg, byggjer, driv og vedlikehalder industrien og infrastrukturen i Noreg. Dei jobbar med berekraft, tryggleik og nyskaping. Dei er nødvendige for samfunnet.
NITO foreslår fem tiltak for å unngå ei kompetansekrise:
- Lag ein realfagsstrategi! Noreg sin førre realfagsstrategi vart avslutta i 2019. Sidan har vi stått utan. Utfordringane med å rekruttere fleire og auke læringa krev openbert heilskaplege løysingar. Dei andre nordiske landa har realfagsstrategiar som har gitt gode resultat over tid.
- Meir naturfag i ungdomsskulen: På ungdomstrinnet har norske elevar 88 timar naturfag. I Finland har elevane 142 timar i naturfag på ungdomstrinnet, og i Sverige 131. Det er i ungdomsskulen norske elevar fell bak dei i nabolanda våre.
- Opprett eit nytt obligatorisk fag i teknologi: Teknologi bør samlast i eitt fag framfor å bli spreidd tynt utover. Det gjer det enklare å prioritere læring i teknologi og programmering, og samstundes styrkje undervisarkompetansen i eit nytt skulefag.
- Gje lærarane etterutdanning: Over halvparten av 5.-klassingane får naturfagundervisning av lærarar utan spesialisering i naturfag. Naturfaglærarane treng påfyll med ny kompetanse i teknologi, programmering, kunstig intelligens og praktisk læring. Staten og kommunane må prioritere naturfaglærarane for etter- og vidareutdanning framover.
- Gje elevane belønning for realfag: Elevane får låg utteljing for prestasjonar i realfag ut frå kor stor innsats som må leggjast ned og timetalet i desse faga. Regjeringa må endre karaktersystemet til ei ordning der faga får karakter vektlagt etter timetal, eller at ein får fleire karakterar i realfag enn i dag. Regjeringa bør ikkje halvere realfagspoenga i overgangen til høgare utdanning når vi er i ein realfagskrise.
Det er teknologien som driv samfunnet framover, og som gjer det mogleg å bruke ressursar på andre ting.
Skal vi nå berekraftsmåla og møte framtidige utfordringar, må vi ha folk som kan løyse dei.
Nøkkelord
Kontakter
Arne VatnøyKommunikasjonssjefNITO
Tel:934 43 552arne.vatnoy@nito.noBilder

Lenker
Om NITO
NITO er Norges største fagorganisasjon for ingeniører og teknologer med bachelor, master og høyere grad med over 115.000 medlemmer.
Følg pressemeldinger fra NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
NITO: - Ikke legg ned tilbud som redder liv19.5.2026 11:59:55 CEST | Pressemelding
NITO reagerer kraftig på Helse Nords beslutning om å legge ned de såkalte «vandrende blodbankene» i Finnmark fra 1. august 2026. Ordningen har gitt rask tilgang til livreddende blod i områder med lange avstander til sykehus.
Ingen enighet i staten: Oppgjøret går til mekling1.5.2026 08:32:33 CEST | Pressemelding
Akademikerne og NITO har torsdag kveld brutt forhandlingene med staten. Lønnsoppgjøret går nå til mekling hos Riksmekleren.
Brudd i forhandlingene med KS: Nå blir det mekling30.4.2026 14:30:26 CEST | Pressemelding
Årets hovedoppgjør i kommunal sektor endte uten enighet. Nå går oppgjøret til mekling hos Riksmekleren.
Flere kvinner søker IT-studier23.4.2026 13:22:24 CEST | Pressemelding
Andelen kvinnelige søkere til informasjonsteknologi har doblet seg siden 2015, fra 18 prosent til over 36 prosent i år.
Nora ønsker mer praksis i studiene: – Vi går ut i jobb uten å være forberedt20.4.2026 16:20:29 CEST | Pressemelding
Nora Blekken Furu (23) fra Sunndalsøra er valgt til 2. nestleder i NITO Studentene. Det er spesielt én ting hun brenner for.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom