Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og havministeren møter maritim næring om tryggleik og beredskap

Del

Torsdag 28. august inviterer fiskeri- og havministeren sentrale aktørar frå maritim næring, offentlege etatar og organisasjonar til eit møte om maritim tryggleik og beredskap.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss. Foto: NFD / David Berg Tvetene Bildet kan benyttes av redaktørstyrte medier

– Maritim tryggleik i våre nærområde er viktig for regjeringa. Skipsfarten og den maritime næringa har ressursar og verdiar som er av stor strategisk tyding for Noreg. I den krevjande tryggingspolitiske situasjonen vi står i, må vi gjere det vi kan for å redusere risikoen for uønskte hendingar. Difor er det viktig å samle aktørar til dialog om situasjonen og kva vi kan gjere. Vi må saman styrkje beredskapen og hindre tryggleikstrugande maritim verksemd, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Føremålet med møtet er å presentere den nasjonale tryggleiksstrategien og rolla maritim tryggleik spelar i denne. I tillegg ønskjer ein innspel frå næringa om korleis eit meir komplekst trusselbilete påverkar maritim verksemd, forsyningskjeder, kritisk infrastruktur og konkurranseevne.

På møtet deltek representantar frå Det norske maskinistforbund, Etterretningstjenesten, Kystrederiene, Kystverket, Maritimt Forum, NHO Sjøfart, Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffiserforbund, Norske Havner, NSM, PST og Sjøfartsdirektoratet.

Møtet finn stad i Nærings- og fiskeridepartementet i Kongens gate 8, torsdag 28. august kl. 10.00–11.30

Fiskeri- og havministeren vil vere tilgjengeleg for pressa etter møtet.  Presse som ønskjer intervju, blir bedne om å melde seg på ved å kontakte kommunikasjonsrådgivar Sandra Godtlibsen sgo@nfd.dep.no eller tlf. 482 46 740.

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook 

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye