Statens vegvesen

Ny stenging på E16 Bergen-Voss neste helg

Del

Allereie neste laurdag er Mesta klare til å støype ein ny seksjon av portalen på Dalseidtunnelen. Dette betyr at E16 vert stengd aust for Dale laurdag 30. august frå kl. 07.00 og fram til ca 12.00 søndag.

Støypen som vart gjennomført på laurdag var den ytterste seksjonen på portalen. No er det tre seksjonar som står att mellom ytre og innerste delen.
Støypen som vart gjennomført på laurdag, var den ytterste seksjonen på portalen. No er det tre seksjonar som står att mellom ytre og innerste delen. Statens vegvesen

- No i helga fekk me støypt ein ca 20 meter lang seksjon av den nye rassikrings-portalen. Neste helg blir det nok ein stor støyp. Då skal den andre av totalt fire seksjonar støypast, og det er ein del på ca 12 meters lengde, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.

Slik som sist, må europavegen haldast stengt medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengt for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.

E16 blir stengt ved Dalseidtunnelen frå kl 07.00 laurdag 30. august og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.

Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.

Dirigerer trafikken

Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.

Den nye portalen på Dalseidtunnelen skal sikre trafikantane mot steinnedfall ved tunnelmunninga, då berget er svært bratt der tunnelen kjem ut på vestsida. Portalen blir bygd med ekstra mykje armeringsstål, for at den skal vere svært solid. Det vil også komme eit gruslag på mellom 2,5 og 4 meter oppå portalen, som skal dempe og spreie kreftene frå eit eventuelt steinnedfall frå stor høgde.

Portalen er siste del av oppgraderinga

I dei fem tunnelane rundt Dale har det vore omfattande gravearbeid, for å få på plass nye røyr og leidningar. Det er installert nye nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, sendarar for DAB-radio og naudnett. Mesta er hovudentreprenør på arbeidet.

Oppgraderinga gir trafikantane betre og sikrare framkomst på denne delen av E16. Forlenging og forsterking av portalen på Dalseid er siste del av arbeidet. Sjølve betongarbeidet er planlagt ferdigstilt i haust, medan omfyllingsarbeidet er planlagt utført våren 2026.

Kontakter

Bilder

Støypen som vart gjennomført på laurdag var den ytterste seksjonen på portalen. No er det tre seksjonar som står att mellom ytre og innerste delen.
Støypen som vart gjennomført på laurdag, var den ytterste seksjonen på portalen. No er det tre seksjonar som står att mellom ytre og innerste delen.
Statens vegvesen
Last ned bilde
E16 Stengt ved Dalseidtunnelen
E16 Stengt ved Dalseidtunnelen
Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye