Færre pukkellaks gjer at feller i ein del elvar blir tekne ned
Medan fellene gradvis blir tekne ned i Tana og nokre fleire elvar, trengst dei i andre elvar noko lengre. Dykkarar tel no pukkellaks som kom seg opp for å gyte.

– Pukkellakssesongen går no mot slutten i fleire elvar. Arbeidet som har vore gjort i sommar med å avgrense talet på pukkellaks i elvane har vore viktig. Eg ser fram til å høyre det endelege resultatet av fangsten denne sesongen. Dette blir viktig kunnskap som vi tek med oss vidare, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Det er fanga nærare 150 000 pukkellaks i elvane i sommar. For å få kunnskap om kor vellykka fangsten var har dykkarar starta drivteljing av pukkellaks ovanfor mange av fellene, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Dykkarar tel pukkellaks
På grunn av sein snøsmelting og mykje vatn i mange elvar i Nord-Noreg tidleg i sommar, måtte monteringa av fellene skje seinare enn ein hadde håpa. Kor mykje pukkellaks som rakk å komme opp før fellene var på plass, er noko av det drivteljingane skal avdekkje dei næraste vekene. Drivteljing inneber at personar med dykkarutstyr driv medstraums i elva og tel fiskane dei ser. Førebelse tal frå elvane som har vorte undersøkte viser at det varierer stort kor mykje pukkellaks som har komme seg opp i elvane.
– I elvar der vårflaumen varte lenge kan det ha komme opp tusenvis av pukkellaks før fellene var i drift. På den andre sida ser ein også at det er elvar der ein kom i gang tidsnok til å sikre at nesten ingen pukkellaks kom seg opp, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Mindre pukkellaks i Finnmark, meir i Troms
I Finnmark ser det ut til å ha komme mykje færre pukkellaks til elvane enn for to år sidan. I kva grad dette kjem av tiltaka som vart gjennomførte for å stoppe pukkellaksen då er vanskeleg å seie. Samtidig kom det fleire pukkellaks til elvane i Troms enn for to år sidan, og der vart det ikkje gjort like omfattande tiltak for å stoppe den uønskte framandarten i 2023.
– Same kva som er grunnen til at det kom færre pukkellaks til Finnmark no i sommar enn ved førre invasjon i 2023, så går utviklinga i ønskt retning, seier Hilde Singsaas.
400 meter lang felle i Tana blir gradvis teken ned
I Tana-elva byrjar Veterinærinstituttet no gradvis å demontere den 400 meter lange pukkellaksfella, som har fanga nesten 30 000 pukkellaks og sleppt rundt 2500 atlantiske villaks vidare opp i elva i sommar.
– I går slakta vi 111 pukkellaks, og sende vidare 47 atlantiske villaks som høyrer heime i elva. Tendensen viser klart at pukkellakssesongen nærmar seg slutten her i Tanaelva. Samtidig aukar vassmengda i elva, sånn at vi også av tryggingsomsyn for personellet startar å demontere fella gradvis no, seier prosjektleiar Roar Sandodden i Veterinærinstituttet, som driftar pukkellaksfella i Tana på oppdrag frå Miljødirektoratet.
Behaldar feller i ein del elvar
Også i nokre andre elvar er ein i gang med å ta ned pukkellaksfellene, medan det i ein del elvar er behov for å ha fellene der lenger.
– I ein del elvar kjem det framleis for mykje pukkellaks til at ein kan ta ned fellene no. Dei lokale foreiningane som driftar fellene vurderer saman med statsforvaltaren fortløpande kor lenge det er behov for å ha fellene der, seier Hilde Singsaas.
Følg fangsten frå dag til dag
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg med nyheiter om pukkellaksfangsten i omtrent 60 elvar som dei har ansvaret for.
På Miljødirektoratets temaside om pukkellaks kan ein følgje pukkellaksfangsten frå dag til dag.
Kom 580 000 pukkellaks ved førre invasjon
Ved førre pukkellaksinvasjon i 2023 estimerte Norsk institutt for naturforsking (NINA) nesten 580 000 pukkellaks i norske elvar og kystområde. Av desse kom 97 prosent til Finnmark. Rundt 250 000 pukkellaks vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellakssesongen i år.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Flere tiltak i Oslofjorden godt i gang- men tempoet må opp2.12.2025 12:04:42 CET | Pressemelding
Stadig flere tiltak gjennomføres for å bedre tilstanden i Oslofjorden, men det går likevel for sakte.
Flytende mikroplast i Oslofjorden – mest isopor26.11.2025 14:10:57 CET | Pressemelding
Nye målinger viser at flytende småplast og mikroplast i Oslofjorden ikke er jevnt fordelt, men at det er ansamlingsområder med høye nivåer. Av mikroplasten som flyter, er det isopor som er den dominerende plasttypen.
Ny naturindeks: Norsk natur betydelig redusert18.11.2025 08:29:09 CET | Pressemelding
Det er et nasjonalt mål at økosystemene skal ha god tilstand. For flere av økosystemene fortsetter tapet av biologisk mangfold, viser naturindeksen.
Fire av ti våtmarksfugler trues av mennesker14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressurser, utbygging og landbruk er de største truslene for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser en ny FN-rapport.
Fire av ti våtmarksfuglar er trua av menneske14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressursar, utbygging og landbruk er dei største truslane for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser ein ny FN-rapport.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom