Stortinget

Visepresident Nils T. Bjørke til årsmøtet i Vestnordisk råd på Grønland

Del

Andre visepresident Nils T. Bjørke (Sp) frå Hordaland er til stades for Stortinget på årsmøtet til Vestnordisk råd i Illulissat på Grønland 18.-20. august. Det blir Bjørke sitt siste oppdrag som utsending for presidentskapet.

Andre visepresident Nils T. Bjørke får eit nytt høve til å handhelse på Grønnlands parlamentsformann, Kim Kielsen, under møtet i Vestnordisk råd i Illulisat neste uke. Foto: Peter Mydske/Stortinget
Andre visepresident Nils T. Bjørke får eit nytt høve til å handhelse på Grønnlands parlamentsformann, Kim Kielsen, under møtet i Vestnordisk råd i Illulisat neste uke. Foto: Peter Mydske/Stortinget

- Verda har blitt farlegare og mindre forutsigbar. Det kjem også til synes på dei tema som er sett til debatt på Grønland, seier vossingen Bjørke og viser til både tryggleik og kritisk infrastruktur i Nordatlanteren.

Han meiner også det er viktig at møtet er på Grønland etter all merksemda øya fekk etter at USA sin president, Donald Trump, hevda at Grønland bør bli ein del av USA.

- Folkeretten gjeld

- Frå norsk side har det heile tida vore viktig å støtte Grønland sin rett til sjølv å bestemme si eiga framtid. Folkeretten gjeld sjølvsagt i arktiske strøk som elles i verda. Det gjeld også havretten og den territoriale suvereniteten til kvart enkelt land, seier Bjørke.

I tillegg til sjølve møtet i Vestnordisk råd, ser han fram til også å besøke Grønland og byen Ilullissat. Han viser til at det er lange historiske og kulturelle band mellom Grønland og Noreg.

Siste oppdrag

Dette er den tredje gongen han representerer presidentskapet i Vestnordisk råd. Sidan Bjørke ikkje står på val for ein ny periode på Hordalandsbenken, blir dette også den siste gongen. Som parlamentarikar meiner Bjørke at denne typen møte har stor verdi. Slike internasjonale møtepunkt, der parlamentarikarar frå ulike land møtest og diskuterer politiske løysingar dei kan samarbeide om, gir både kunnskap og engasjement.

- Det utvidar vår horisont, styrkar kunnskapsgrunnlaget vårt og bidrar til openheit og betre demokratisk forankring for arbeidet vårt, seier Nils T. Bjørke.

Kontakter

Bilder

Andre visepresident Nils T. Bjørke får eit nytt høve til å handhelse på Grønnlands parlamentsformann, Kim Kielsen, under møtet i Vestnordisk råd i Illulisat neste uke. Foto: Peter Mydske/Stortinget
Andre visepresident Nils T. Bjørke får eit nytt høve til å handhelse på Grønnlands parlamentsformann, Kim Kielsen, under møtet i Vestnordisk råd i Illulisat neste uke. Foto: Peter Mydske/Stortinget
Last ned bilde

Om oss

Stortinget er Norges nasjonalforsamling. De viktigste oppgavene til Stortinget er å vedta lover, bestemme statens budsjett og kontrollere regjeringen.

Følg pressemeldinger fra Stortinget

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stortinget på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Stortinget

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye