Færre rovviltskadar på sau hittil i år
Nedgangen dei siste åra i påviste rovviltskadar på sau per 1. august held fram. Samtidig har talet på skadar frå bjørn auka, spesielt i Trøndelag.

– Eg er glad for at dei påviste tapstala fram til august heldt fram nedover. Dessverre skjer det at sau blir skadd av rovvilt, men i tråd med rovviltforliket ønskjer vi å avgrense dette tapetet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for å undersøkje sauer som er skadde eller døydde og dokumentere skadar, når skadane kan komme av rovdyr.
Per 1. august i år var det meldt inn 1262 sauer som anten var skadde eller døydde, der rovdyr kunne vere årsaka. Etter at SNO har sjekka desse sakene, har undersøkingane stadfesta at 548 av sauene heilt sikkert vart angripne av rovdyr.
– Så langt er talet på rovviltskadar noko lågare enn på same tid i fjor. Det gjer 2025 til eit av åra med lågast skadetal per 1. august sidan vi byrja å registrere skadar systematisk i 2002, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.

Vesentleg færre skader frå ulv og gaupe
Talet på skadar frå gaupe er det lågaste som nokon gong er registrert i Rovbase per 1. august. Skadane er fordelte over heile landet.
Skadane frå ulv er meir enn halvert samanlikna med i fjor. Skadane er i hovudsak i tilknyting til område nært ulvesona, men det har også vore skadesituasjonar mellom anna i kommunane Tynset og Vågå.
Skader frå jerv og kongeørn er i all hovudsak likt som i fjor, sjølv om kongeørn ligg noko lågare. På lik linje med gaupeskadane er kongeørnskadane fordelte over heile landet, medan dei 25 påviste jerveskadane i all hovudsak er i Rauma, Fjord og Lesja kommunar.
Auke i skadar frå bjørn i Trøndelag
Tala for påviste bjørneskadar i 2025 skil seg ut. 269 sauer er påviste skadde eller drepne av bjørn. Det er meir enn det dobbelte av fjorårstala, og det høgaste talet på bjørneskadar per 1. august sidan 2013.
200 av desse skadane har skjedd i Trøndelag, og over halvparten av desse igjen er i Verdal og Snåsa kommunar.
– Årets tal på skadar frå bjørn er høgare enn det vi har sett dei siste åra. Erfaringa vår er at skadar frå bjørn kan variere stort frå år til år og område til område, og det er klart at dette er belastande for dyreeigarane som blir ramma, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Det er gitt fleire skadefellingsløyve på ulv og bjørn, og fire ulvar og 13 bjørnar er felte i tilknyting til skadeområda. Fellingane har truleg bidrege til å stoppe eller avgrense skadane tidleg.
Færre meldingar om potensielle rovviltskadar
SNO har så langt i år hatt færre oppdrag om å vurdere om skadar kjem av rovvilt samanlikna med dei siste åra. Mønsteret er likevel likt som tidlegare år: I omtrent to tredelar av tilfella er det mogleg for SNO å fastslå sannsynleg skadeårsak. Av desse igjen er to tredelar av skadane påviste rovviltskadar.
– Det er viktig å hugse at tala vi har per 1. august berre gir eit bilete av beitesesongen så langt. Erfaring viser at skadar frå bjørn og jerv har toppane sine i august og september. Derfor reknar vi med at tala vil endre seg fram til slutten av beitesesongen, seier Hilde Singsaas.
Følg utviklinga i Rovbase
Databasen Rovbase har ei kartløysing der publikum kan sjå alle skadar der undersøkingane til naturoppsynet har konkludert med rovvilt som skadeårsak.

Du kan følgje med på talet på skadar og utviklinga framover, både nasjonalt eller i eige fylke eller kommune. Påviste rovviltskadar blir publiserte fortløpande etter kvart som dei blir melde inn og blir vurderte av SNO. Der kan du også filtrere på fylke eller kommune, og dato.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder

Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Skagerrakkysten rammes stadig hardere av klimaendringer14.10.2025 15:06:01 CEST | Pressemelding
Økt nedbør og varmere klima rammer Skagerrakkysten hardt. Tang og tare vokser vesentlig dårligere enn for få år siden, og fiskens matfat har krympet.
Skagerrakkysten blir stadig ramma hardare av klimaendringar14.10.2025 15:06:01 CEST | Pressemelding
Auka nedbør og varmare klima rammar Skagerrakkysten hardt. Tang og tare veks vesentleg dårlegare enn for få år sidan, og matfatet til fisken har krympa.
Bekymret for falske Labubu-bamser29.9.2025 15:00:57 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets kontroller av de populære Labubu-bamsene viser at piratkopien inneholdt et farlig og forbudt stoff.
Europas miljø er i dårlig forfatning29.9.2025 09:45:42 CEST | Pressemelding
Klimaendringer og miljøødeleggelser truer Europas økonomi, folkehelse og livskvalitet. Det slås fast i rapporten fra Europas miljøbyrå.
Europas miljø er i dårleg forfatning29.9.2025 09:45:42 CEST | Pressemelding
Klimaendringar og miljøøydeleggingar trugar Europas økonomi, folkehelse og livskvalitet. Det kjem fram i rapporten frå Det europeiske miljøbyrået.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom