Statens vegvesen

Ole-Mathias Nes blir ny seksjonsleiar for Utgreiing vest

Del

Frå og med 1. august 2025 går Ole-Mathias Nes inn i stillinga som seksjonsleiar for Utgreiing vest i Statens vegvesen.

Han tek over etter Nils Magne Slinde, som no fungerer som avdelingsdirektør for Transport vest.

Ole-Mathias har fungert i stillinga som seksjonsleiar sidan nyttår. Han vil ha kontorstad på Leikanger.

Ole-Mathias Nes har lang erfaring frå etaten og har dei siste åra vore sentral i arbeidet med strategiske analysar, konseptvalutgreiingar og utvikling av kunnskapsgrunnlag for planlegging og prioritering i transportsektoren.

Seksjonen Utgreiing vest har eit breitt fagleg ansvar, og arbeider mellom anna med:

  • utvikling og bruk av transportmodellar og trafikkgrunnlag
  • konseptvalutgreiingar (KVU) og tidlegfaseutgreiingar
  • samfunnsøkonomiske analysar og porteføljeberekningar
  • grunnlag for Nasjonal transportplan (NTP) og gjennomføringsplanar
  • samarbeid med fylkeskommunar og andre aktørar i regionen

Seksjonen har også ei viktig rolle i å sikre god datakvalitet og metodikk i utgreiingsarbeidet, og i å utvikle verktøy og arbeidsformer som gir betre innsikt og styringsgrunnlag for framtidige investeringar.

– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva og bidra til vidare utvikling av utgreiingsarbeidet i vest. Det er eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement, seier Ole-Mathias Nes.

Statens vegvesen ønskjer Ole-Mathias lykke til i den nye rolla.

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape eit smart og samanhengande transportsystem på veg for heile Noreg. Det skal vere enkelt å reise og transportere varer – på sikre vegar tilpassa framtidas behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye