Ole-Mathias Nes blir ny seksjonsleiar for Utgreiing vest
Frå og med 1. august 2025 går Ole-Mathias Nes inn i stillinga som seksjonsleiar for Utgreiing vest i Statens vegvesen.
Han tek over etter Nils Magne Slinde, som no fungerer som avdelingsdirektør for Transport vest.
Ole-Mathias har fungert i stillinga som seksjonsleiar sidan nyttår. Han vil ha kontorstad på Leikanger.
Ole-Mathias Nes har lang erfaring frå etaten og har dei siste åra vore sentral i arbeidet med strategiske analysar, konseptvalutgreiingar og utvikling av kunnskapsgrunnlag for planlegging og prioritering i transportsektoren.
Seksjonen Utgreiing vest har eit breitt fagleg ansvar, og arbeider mellom anna med:
- utvikling og bruk av transportmodellar og trafikkgrunnlag
- konseptvalutgreiingar (KVU) og tidlegfaseutgreiingar
- samfunnsøkonomiske analysar og porteføljeberekningar
- grunnlag for Nasjonal transportplan (NTP) og gjennomføringsplanar
- samarbeid med fylkeskommunar og andre aktørar i regionen
Seksjonen har også ei viktig rolle i å sikre god datakvalitet og metodikk i utgreiingsarbeidet, og i å utvikle verktøy og arbeidsformer som gir betre innsikt og styringsgrunnlag for framtidige investeringar.
– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva og bidra til vidare utvikling av utgreiingsarbeidet i vest. Det er eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement, seier Ole-Mathias Nes.
Statens vegvesen ønskjer Ole-Mathias lykke til i den nye rolla.
Kontakter
Ole-Mathias NesSeksjonsleiarStatens vegvesen, Transport og samfunn
Utgreiing vest
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape eit smart og samanhengande transportsystem på veg for heile Noreg. Det skal vere enkelt å reise og transportere varer – på sikre vegar tilpassa framtidas behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ungdomsulykkene er nesten utelukkende et mannsproblem8.12.2025 09:05:24 CET | Pressemelding
Ti ganger så mange unge menn som unge kvinner forårsaker dødsulykker i trafikken, viser ny rapport.
Tre finalister til etterlengtede riksveg 52-utbedringer8.12.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
To riksveg 52-streknnger ved Hemsedalsfjellet skal utbedres for å gi bedre framkommelighet. Tre entreprenører er nå i forhandlingene om å få kontrakten i hundremillionersklassen.
Nå skal det sprenges i Fløyfjelltunnelen5.12.2025 14:12:12 CET | Pressemelding
De neste ukene frem mot jul blir det ekstra stenging av begge løp på Fløyfjelltunnelen midt på natten, på grunn av sprenging.
App hjelper deg i kolonne over Saltfjellet5.12.2025 08:30:00 CET | Pressemelding
Denne vinteren tar Statens vegvesen i bruk en app som skal gjøre det enda tryggere å kjøre kolonne over Saltfjellet.
Nye Sotrabru er klar for kabelarbeid4.12.2025 14:45:20 CET | Pressemelding
Seint 3. desember vart den siste støypen fullført, og brutårna som ruvar over innseglinga til Bergen har offisielt nådd si fulle høgde på 145 meter. På nyåret blir det for første gong fysisk kontakt mellom tårna når arbeidet med hovudkablane startar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom