Pukkellaksfella i Tana klar for å stoppe storinvasjon
4.7.2025 11:41:32 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Den 400 meter lange fella som skal stoppe pukkellaksen i Europas største lakseelv, er no klar. For to år sidan kom rundt 170 000 pukkellaks til Tana.

– Vi måtte utsetje arbeidet ei veke på grunn av mykje vatn i Tanaelva. No er pukkellaksfella i denne viktige lakseelva på plass. Vi håpar ho klarer å stoppe pukkellaksen effektivt, samtidig som lokale fiskeartar som villaks, sjøaure og sjørøye slepp uskadd forbi, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Den første fisken som gjekk i fella 4. juli var ein atlantisk laks på rundt tre kilo, som vart sende vidare opp i elva for å formeire seg.
Noko pukkellaks rakk å passere
Overvaking i Polmak ved grensa til Finland har vist at om lag nokre tusen pukkellaks rakk å komme seg opp i elva, før fella ved Seida 30 kilometer lenger ned kom i drift. Samanlikna med pukkellaksinvasjonen i 2023, er dette eit lågt tal. Mengda pukkellaks som vandrar opp i Tanaelva er venta å auke kraftig i første halvdel av juli. Rundt 170 000 pukkellaks klarte å komme seg opp i Tanaelva for to år sidan.
– Vi legg stor vekt på å ikkje skade dei lokale fiskeartane under arbeidet med å stoppe pukkellaksen i Tanaelva. Vi har no sett saman dei store einingane som til saman utgjer pukkellaksefella, og gått over for å sørgje for at det ikkje finst skarpe kantar og ujamnskapar som kan skade fisken, seier prosjektleiar Roar Sandodden i Veterinærinstituttet.
Hardtarbeidande personell under krevjande arbeidsforhold
Sandodden og Veterinærinstituttet har bygd pukkellaksefella i Tana på oppdrag frå Miljødirektoratet. Dei har tilsett 21 snikkarar, gardbrukarar, mekanikarar og andre fagfolk for å drifte prosjektet.
– Flinke og hardtarbeidande praktikarar har vore avgjerande for god framdrift i arbeidet med å byggje pukkellaksfella i Tana. Fangstbur og løysingar for å sikre fri passering både oppover og nedover i elva for lokale fiskeartar er store og tunge konstruksjonar. Det har kravd nøye planlegging og testing før dei blei transporterte ut og monterte i sperregjerdet. Vi har fått veldig god hjelp til å optimalisere dei ulike tekniske løysingane, seier Sandodden.
Han har også late seg imponere av kor godt arbeidsfolket samarbeider.
- Vi høyrer fire språk under arbeidet, norsk, finsk, samisk og engelsk, og det lèt til at dette ikkje hindrar god dialog og flyt i arbeidet, seier Sandodden.
Les meir og følg fangsten av pukkellaks frå dag til dag på Miljødirektoratets temaside om pukkellaks.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Færre rovviltskader også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskader på sau. Dette er de nest laveste tallene siden registreringen startet i 2002.
Færre rovviltskadar også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom