Fun-facts om jordbruket i DITT herad – Møre og Romsdal: Sjekk NIBIOs Arealbarometer og sjå korleis ditt herad gjer det på landbruksfronten!
Eksempel frå Stranda: Sjølv om geita passar godt inn i norsk natur, er det lite geit i Noreg samanlikna med sau og kyr. Men i Stranda er det gode sjansar for å treffa på geiter i sommar, for heradet ligg på førsteplass på geitestatistikken i Noreg.

Stranda: Størst på geit i heile Noreg
Eksempel frå Stranda: Sjølv om geita passar godt inn i norsk natur, er det lite geit i Noreg samanlikna med sau og kyr. Men i Stranda er det gode sjansar for å treffa på geiter i sommar, for heradet ligg på førsteplass på geitestatistikken i Noreg. Her bur det 1840 geiter. På andre- og tredjeplass kjem Balsfjord i Troms og Aurland i Vestland. I heile Noreg er det om lag 44 700 geiter. Ca. 5200 av dei bur i Møre og Romsdal. Vestland fylke er det største geiteheradet med over 10 700 geiter.
I Stranda bur det dessutan om lag 2200 vinterfôra sauer (talet inneheld i hovudsak mordyr/søyer og ikkje lam), 625 mjølkekyr, 159 ammekyr og 1134 avlspurker (tal frå 2024).
Stranda har 18 397 dekar jordbruksareal. Det er 2,1 prosent av arealet i kommunen. Nesten alt saman vert nytta til å dyrka gras til husdyr. 26 prosent av kommunen er dekt med skog og over halvparten er såkalla snaumark, areal med låg eller lite vegetasjon som til dømes areal over tregrensa. Under ein prosent av arealet i Stranda er nytta til bygg og samferdsel.
Fleire viktige jordbruksherad i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal har fleire viktige jordbruksherad. Hustadvika er heradet med mest jordbruksareal i fylket med 81 027 dekar. Hustadvika er dessutan ein storkommune når det gjeld mjølkeproduksjon og kjem på femteplass i heile landet for tal mjølkekyr. Molde har nest mest jordbruksareal i Møre og Romsdal med 46 753 dekar. I andre enden kjem Sula med berre 2791 dekar.
Finn tal for heradet ditt - supert agurkstoff i sommar-månadane
Tal for din kommune finn du i NIBIO sitt Arealbarometer, ei skattekiste med lett tilgjengeleg statistikk om landbruk og skogbruk i ditt herad, ditt fylke og for heile landet. Her kan du finna nøkkeltal framstilt på ein lettfatteleg og oversiktleg måte. Mange av tala er og illustrert med enkel grafikk. Samanlikn med naboherad eller med tal for fylket og heile landet!
-
Kor mykje skog, jordbruksareal og nedbygd areal er det i dit herad?
-
Kva vert dyrka og kor mange husdyr finst det i heradet ditt?
-
Kva er kvaliteten på jorda (tilgjengeleg i om lag 50 % av landet)?
-
Kor mykje jord kan dyrkast opp til nytt jordbruksareal i heradet ditt?
-
Verdiskaping i jordbruket (berre tilgjengeleg for utvalde fylke).
Meir informasjon om arealbarometeret: https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/arealbarometer
Arealbarometer for Møre og Romsdal fylke: https://arealbarometer.nibio.no/nb/fylker/moere-og-romsdal/
Ønsker du tilgang til regnearket me har nytta for å samanlikna herad frå heile landet? Send forespørsel til: hege.ulfeng@nibio.no
Nøkkelord
Kontakter
Ingrid TengeNIBIO/avdeling landbrukskart
Tel:90104465Tel:90104465ingrid.tenge@nibio.noNIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forsker og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, kart, arealbruk, genressurser, skog, foretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.
Bioøkonomi er en økonomi basert på biologiske ressurser fra jord, skog og hav. Gjennom forskning og kunnskapsproduksjon skal instituttet bidra til matsikkerhet, bærekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innenfor verdikjedene for mat, skog og andre biobaserte næringer. Instituttet skal levere forskning, forvaltningsstøtte og kunnskap til anvendelse i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunnet for øvrig. NIBIO skal være nasjonalt ledende for utvikling av kunnskap om bioøkonomi.
NIBIO er et statlig forvaltningsorgan med særskilte fullmakter og eget styre, underlagt Landbruks- og matdepartementet. Hovedkontoret er på Ås. Instituttet har flere regionale enheter og et avdelingskontor i Oslo.
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) ble opprettet 1. juli 2015 som en fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Lokal styring, natur – eller begge deler?14.8.2025 15:08:25 CEST | Pressemelding
Hva skjer når staten overlater ansvaret for naturen til kommunene? Under Arendalsuka utfordret fire forskere politikerne på lokaldemokrati og naturmangfold – svarene de fikk var sprikende.
Slik kan Norge produsere dobbelt så mye frukt og grønt14.8.2025 14:05:07 CEST | Pressemelding
Norge kan produsere dobbelt så mye frukt og grønt som i dag. Og visste du at norske tomatdyrkere er best i verden?
Biofilm kan omdanne skadelige gasser til bærekraftig drivstoff7.8.2025 13:09:35 CEST | Pressemelding
NIBIO har vært med på å utvikle en metode for å gjøre klimagasser som karbondioksid og karbonmonoksid om til grønn biometan – en fornybar energikilde. Ved hjelp av tynne lag med mikroorganismer, såkalte biofilmer, kan skadelige gasser bli til bærekraftig drivstoff.
Kartlegger karplanter i jordbrukslandskapet16.7.2025 13:35:49 CEST | Pressemelding
På en graskledt høyde med utsikt over Mjøsa er to ivrige forskere opptatt med å granske vegetasjonen. Det er deilig sommervær og høysesong for feltarbeid i NIBIO.
Kveikgjæren – vår første mikrobiologiske kulturarv14.7.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Kveika ser kanskje ut som vanleg bakegjær, men ho er noko heilt for seg sjølv. Denne særnorske gjærsoppen, brukt i heimebrygging sidan før vikingtida, er ein unik kulturarv og den første mikroorganismen i Noreg med offisiell «genarvestatus».
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom