Veterinærinstituttet

Færre elgkalvar i Noreg - meld frå om sjuke eller døde dyr

Del

Forskarar vil finne årsaka til at det er færre elgkalvar i Noreg og kvifor fleire kalvar er små og sjuke. No ber dei om publikums hjelp for å få inn meir informasjon om døde og sjuke kalvar slik at desse kan undersøkjast nærmare.

Elgkalv som skal obduserast ved Veterinærinstituttets obduksjonssal.
Prosjektleiar for Elgkalven Trampe, Bjørnar Ytrehus, ønskjer å undersøkje elgkalvar som blir funne døyande eller døydde. Foto: Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet. Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet

–Dei siste åra har vi sett at det blir færre elgkalvar i store delar av Noreg, og dei elgkalvane som finst er ofte små, seier prosjektleiar og spesialist i vilthelse ved Veterinærinstituttet, Bjørnar Ytrehus.

Han fortel at i mange område blir det rapportert funn av sjuke og døde elgkalvar. Problema ser ut til å vere størst langs kysten av Austlandet, Agder og Trøndelag, men også i andre område ser ein at tilveksten til elgkalvane er nedovergåande.

Skal undersøkje flest mogleg elgkalvar

Forskingsprosjektet Elgkalven Trampe som blir drive av Veterinærinstituttet, har som mål å undersøkje flest mogleg av dei elgkalvane som blir funne døde eller som er så sjuke at dei blir avliva. Prosjektet blei starta opp i 2024 og held fram med utvida styrke i 2025.

–Vi synest prosjektet gir oss svært mykje ny kunnskap, seier Ytrehus.

–Hovudfunnet er at kalvane rett og slett er avmagra. Dei døyr då sannsynlegvis av ein kombinasjon av svolt og tilfeldige infeksjonar. I tillegg ser vi at dei fleste av desse kalvane er infiserte med den flåttborne bakterien Anaplasma og ein god del har tarmparasitten Giardia. Det er likevel for tidleg å seie kva som er årsaka til at dei er så magre. Teorien vår er at dette kjem av eit samspel mellom varmestress, endringar i næringsverdien til plantane elgkalvane et og fleire sjukdommar, fortel han.

Dette gjer du om du finn ein sjuk eller død elgkalv

Prosjektet har kontaktpersonar i Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Østfold, Innlandet og Fosen i Trøndelag som kan kontaktast om du finn ein død elgkalv. Om du finn ein elgkalv som verkar sjuk, så skal du kontakte fallviltgruppa i kommunen, gjerne gjennom politiet på tlf. 02800. Fallviltgruppa vil då avgjere om kalven er så alvorleg sjuk at han må avlivast, og kan i så fall ta kontakt med den lokale trampe-kontakten.

–Det er viktig å få kunnskap frå fleire år, slik at vi til dømes kan sjå korleis sommarvêret påverkar helsa og overlevinga til dyra, seier Ytrehus.

 –Det vi håpar er at nokre av faktorane bak utviklinga kan påverkast, slik at vi får fleire sunne og sterke elgkalvar som har eit godt liv.

Prosjektet blir finansiert med midlar frå Landbruksdirektoratet og Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Østfold, Akershus, Innlandet og Trøndelag fylkeskommunar og blir gjennomført med støtte frå Noregs jeger- og fiskarforbund og Universitetet i Innlandet.

Les meir om forskingsprosjektet Trampe

Nøkkelord

Kontakter

Bjørnar YtrehusFagansvarlig vilthelse - Veterinærinstituttet

Tel:97641431

Bilder

Elgkalv som skal obduserast ved Veterinærinstituttets obduksjonssal.
Prosjektleiar for Elgkalven Trampe, Bjørnar Ytrehus, ønskjer å undersøkje elgkalvar som blir funne døyande eller døydde. Foto: Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet.
Ingunn Ruud, Veterinærinstituttet
Last ned bilde

Om oss

Veterinærinstituttet er et biomedisinsk forskningsinstitutt og Norges ledende fagmiljø innen biosikkerhet for fisk og landdyr. Helt siden opprettelsen i 1891 har vi arbeidet for å avverge helsetrusler og se helse for fisk, dyr, mennesker og miljø i sammenheng - Én helse.

Kjerneaktivitetene omfatter forskning, diagnostikk, overvåking, risikovurdering, rådgiving og formidling. Veterinærinstituttet er nasjonalt og internasjonalt referanselaboratorium.

Veterinærinstituttet er et forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet. Hovedkontoret ligger i Ås, øvrige kontorer i Tromsø, Harstad, Brønnøysund, Trondheim, Bergen og Sandnes.

Om oss (vetinst.no) 

Følg pressemeldinger fra Veterinærinstituttet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Veterinærinstituttet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Veterinærinstituttet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye