Dataspelopera inspirert av nær-døden-oppleving
11.2.2025 06:30:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
I 2021 slo Claudia Cox i duoen Only Slime hovudet under eit klassisk musikk-akrobatikk-stunt. Ho fekk ei ut-av-kroppen-oppleving, og blei liggande på eit mørkt rom i eit år. Dette er bakgrunnen for framsyninga som no kjem til Scene 3.

AFTERLIFE
av Only Slime
LAURDAG 15. FEBRUAR KL. 18.00
Blir vist 15. - 21. februar
SCENE 3
Kva skjer når vi døyr? Kva er meininga med livet? Desse universelle og komplekse spørsmåla er utgangspunktet for det Only Slime (Claudia Cox og Tobi Pfeil) kallar ein dataspelopera. Gjennom bruk av sanntid motion tracking og autotuna vokalar inviterer Only Slime publikum med på ei reise inn i det hinsidige. Dei er influert av litteraturens Dantes Inferno og spelverdas episke Final Fantasy. Musikken hentar impulsar frå alt frå Wagner, Enya og punk til hyperpop. Framsyninga kombinerer på denne måten eksistensielle tema, digitale avatarar og autotune-drivne vokalar til å utforske djupe spørsmål om liv, død og identitet, formidla gjennom rammeverket til dataspelforteljing.
Fallet som endra alt

Australske Claudia Cox fekk sin første fiolin i ein alder av to år, og hadde ei lysande karriere framfor seg som klassisk fiolinist. Etter studiar ved Grieg Akademiet i Bergen, var ho med på å starte eit enseble som eksperimenterte med ei blanding av klassisk musikk og akrobatikk. Det var under eit slikt stunt at ulykka skjedde, og Claudia fell i bakken. Etter eit år i mørkeret, kom ho ut som ein ny person og kunstnar. Ho hadde også møtt Tobi Pfeil på nettet (historia som dannar grunnlaget for framsyninga UNLIMITED VOID på Scene 3) og starta kunstnarduoen Only Slime. Spørsmåla ho hadde grunna på det siste året, blei utgangspunktet for AFTERLIFE.
Les meir om Claudia Cox si fantastiske reise.
Only Slime

Only Slime regjerer på Scene 3 i 2025 i lag med Tani Dibasey. AFTERLIFE er deira framsyning, og hadde premiere i fjor på Black Box Teater. Only Slime jobbar utprega tverrfagleg og grensesprengande. Med bakgrunnar som spenner over ulike kunstnarlege praksisar som live motion tracking, XR, elektronisk musikkproduksjon, omsluttande VR-opplevingar og teater, utforskar duoen kontinuerleg nye uttrykksformar og forteljarteknikkar.
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder



















Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
Pippi på sirkus i Relæxt versjon12.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme. - Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.
Gazaliv og Palestinaprogram12.2.2026 11:41:16 CET | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom