Status 2025 tek for seg sjøtransporten i ei tid med raske endringar
30.6.2025 13:20:22 CEST | Kystverket | Pressemelding
Kystverket har publisert Status 2025 – ei ny samling artiklar som gir fagleg innsikt i korleis sjøtransporten utviklar seg i møtet med nye krav, større kompleksitet og meir uforutsigbare tider.

Kystverkets årlege artikkelsamling Status tek for seg utvalde tema som er sentrale for sjøtransporten si rolle og utvikling.
– Vi lever i ei tid der ting endrar seg fort. Då treng vi oppdatert kunnskap, tettare samarbeid og evne å finne nye, betre og meir effektive måtar å løyse oppgåvene våre på, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Dei fire hovudtemaa Status 2025 tek for seg, som blir viktige i åra framover er:
- Samfunnssikkerheit
- Framkome
- Klima og miljø
- Innovasjon og tenesteutvikling
I opningsartikkelen i rapporten skriv kystdirektøren om korleis vi som samfunn må førebu oss på framtida. Han peikar på det store behovet for felles innsats, ikkje minst når det gjeld teknologi, sikkerheit og beredskap.
– Vi står overfor utfordringar som krev tettare samarbeid mellom statlege aktørar og næringslivet. Vi må vere rusta for å møte fleire kriser samtidig. Det krev betre samspel, nye løysingar og evna til å forstå både digitale og menneskelege samanhengar. Sjøtransporten er ein særs viktig del av norsk infrastruktur, og difor er det viktig at vi held fram med å utvikle både kunnskap og samarbeid, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
Breidde i fag og perspektiv
Rapporten inneheld artiklar frå ei rekkje fagmiljø i Kystverket og har også bidrag frå samarbeidspartnarar.
Mellom temaa som blir løfta fram, finn vi:
- korleis endra sikkerheitssituasjonar påverkar sjøtransporten
- sårbarheiter knytt til GPS og elektronisk navigasjon
- behovet for betre samhandling i beredskap og totalforsvar
- nye løysingar for navigasjonsinfrastruktur og klimavenlege farleier
- korleis hamner kan bli betre integrert i heilskaplege logistikksystem
- korleis kunstig intelligens og dataanalyse kan forbetre tenestene våre
Artiklane gir eit nyansert bilete av kva som må til for at sjøtransporten skal vere trygg, effektiv og berekraftig i åra som kjem, og skal vere eit bidrag til kunnskapsgrunnlaget for betre avgjerder, betre løysingar og betre samspel.
– Vi vil med Status 2025 bidra til eit sterkare og breiare fokus på korleis vi utviklar sjøtransporten for framtida. Dette er viktig lesnad for alle som jobbar med transport, beredskap, miljø og digitalisering – både offentleg og privat, avsluttar Arset, som oppfordrer alle til å ta seg tid til å lese artikkelsamlinga.
Nøkkelord
Lenker
Om Kystverket
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.
Følg pressemeldinger fra Kystverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kystverket
Seks fyrstasjoner søker nye leietakere21.1.2026 08:04:03 CET | Pressemelding
Det skjer ikke ofte at seks fyr samtidig lyses ut for nye leietakere. Nå inviterer Kystverket engasjerte aktører til å gi nytt liv til noen av kystens mest særpregede kulturminner – fra verdens nordligste fyr i Finnmark til skjærgården i Telemark.
NYTT REKORDÅR FOR CRUISE I NORGE20.1.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
2025 ble et nytt rekordår for cruiseaktivitet langs norskekysten. Over 3900 cruiseskip-anløp fraktet 1,6 millioner passasjerer til norske havner. Totalt hadde de norske havnene over 6,3 millioner dagscruiseturister fra cruiseskip.
Ny runde med tilskudd til kommunale fiskerihavnetiltak – søknadsfrist 1. mars 20269.12.2025 13:02:05 CET | Pressemelding
Kystverket lyser nå ut en ny runde med statlig tilskudd til kommunale fiskerihavnetiltak. Ordningen skal bidra til å styrke og utvikle infrastrukturen i fiskerihavner langs hele kysten. Søknadsfristen er 1. mars 2026.
Testar nye sjømerke langs kysten2.12.2025 08:05:00 CET | Pressemelding
Nye, norskutvikla sjømerke vert no sett ut på utvalde stadar frå Kragerø til Sørvær. Med sterkare lys og smartare design skal dei nye «trafikkskilta til sjøs» testast i nokre av dei tøffaste forholda langs kysten.
Ny utlysning av havneprosjektet i Kjøllefjord27.11.2025 12:23:43 CET | Pressemelding
Kystverket lyser nå ut entreprisen i prosjektet Kjøllefjord fiskerihavn på nytt, etter at den første konkurransen ble avlyst i juli med bakgrunn i at anbudene lå vesentlig over kostnadsrammen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom