Jonas Benyoub teaterdebuterer i Da vi var yngre
24.2.2025 07:30:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Berre 19 år gamal entra Oliver Lovrenski den litterære scenen med romanen Da vi var yngre. No blir boka teater, og med det debuterer også Aksel Hennie som teaterregissør. Hovudrolla som Ivor blir spelt av rappar Jonas Benyoub, som også erobrar teaterscenen for første gong.

DA VI VAR YNGRE
av Oliver Lovrenski
URPREMIERE FREDAG 28. FEBRUAR KL. 19.30
SCENE 2
- Vi må elske desse kidsa. Trass i dei aspekta vi ikkje kan godta, seier Aksel Hennie. Han snakkar om ungdomane som eig gate-Oslo. Dei som heng rundt Grønlandsleiret og Vaterland - og alle andre stader i byen. Ungdom som kjem inn på ein dårleg kurs og får utelukkande negative tilbakemeldingar frå dei som ikkje er ein del av deira verd, og som blir dratt lenger og lenger inn i ein spiral av eskalerande vald, krim og rus. Det er desse ungdomane sine liv boka til Oliver Lovrenski gir eit unikt innblikk i, og viser at her finst det også vennskap, kjærleik, sterke familieband og framtidsdraumar.
Les heile intervjuet med Aksel Hennie.
Frå musikkscenen til teaterscenen

På scenen har Hennie med seg skodespelarar som er handplukka til karakterane. Ein av dei er Jonas Benyoub, som har gjort stor suksess som rapartist og mellom anna har vunne Spelemann i kategorien hiphop. I det siste har han gjort seg merka som deltakar i Hver gang vi møtes på Tv2.
- Eg kunne ikkje tatt fatt på dette prosjektet utan han, seier regissøren.
No skal Benyoub debutere som skodespelar, og det er mykje som kviler på hans skuldrer. Han skal spele Ivor, som fortel historia gjennom tankar og refleksjonar,som tidvis materialiserer seg i scenar som utspelar seg med dei to kameratane Marco og Jonas. For dei som lurer, så blir det også nokre nye låtar på scenen.
Gatekultur

Forfattar Oliver Lovrenski har skrive boka på oslosk gate-sosiolekt, og denne er tatt vare på i sceneversjonen.
- Det er denne kulturen som ligg hjartet mitt nærast. Dette var oppveksten min. Det er folk utanfrå som kallar det eit kriminelt miljø. Alt gjekk føre seg her – forelskingar, vennskap og hjartesorg, forklarar Aksel Hennie.
- Kriminalitet og rus er dessverre ein del av verda, slik desse ungdomane kjenner den.
Vald som uroar

På scenen kjem dette til uttrykk gjennom klipp frå grupper i sosiale media der ungdom deler eigenproduserte valdsvideoar. Valdsbruken bekymrar Hennie. Den er blitt mykje grovare sidan han var ein del av eit liknande miljø på Lamertseter som ung.
Med framsyninga håpar han å kunne auke forståinga for livet til desse ungdomane, og på same tid kanskje vekke nokre ungdomar til å sjå at det finst ein annan veg.

Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder





















Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
Pippi på sirkus i Relæxt versjon12.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme. - Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.
Gazaliv og Palestinaprogram12.2.2026 11:41:16 CET | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom