Det Norske Teatret

Eit møte med Arne Garborg og Kitty Kielland

Del

To gjestespel gir eit nært innblikk i tankane til og forholdet mellom store personlegdomar innan norsk kunst og litteratur, nemleg Kitty Kielland og Arne Garborg.

Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård gir kropp og stemme til forfattaren Arne Garborg og målarinna Kitty Kielland. Foto: Sondre Michaelsen.
Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård gir kropp og stemme til forfattaren Arne Garborg og målarinna Kitty Kielland. Foto: Sondre Michaelsen.

VENNSKAPSKUNST
av og med Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård
LAURDAG 8. MARS KL. 19.00
SCENE 2

DEN BORTKOMNE FADEREN
av Arne Garborg
TORSDAG 13. MARS KL. 19.30
SCENE 2

Kva betyr det å vere ein venn? Brevvekslinga mellom målarinna Kitty Kielland og forfattaren Arne Garborg viser ein inderleg vennskap mellom ei kvinne og ein mann frå ei tid da ein kanskje ikkje skulle tru at det kunne vere mogleg. Gjennom breva får ein sjå korleis dei analyserer seg sjølve og den andre, og vennskapet dei imellom. To andre gode venner - Torbjørn Berglund Eriksen og Nina Ellen Ødegård framstiller dei to på scenen i Vennskapskunst.

Den bortkomne faderen er rekna som Arne Garborgs mest personlege verk, men er også i manges auge det vakraste. Garborg hadde tre søstrer og to brør som emigrerte til Amerika, og dette har nok inspirert han i arbeidet med denne romanen. Karakteren Gunnar Hóve reiser heim frå Amerika etter at faren er gått bort. Han søkjer meining og samanheng i livet, i ei tid da nye tankar og idear har tatt over for dei gamle. På leit etter kven faren var, finn han seg sjølv, i møtet med sin eigen bror.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Den bortkomne faderen
Den bortkomne faderen
Marte von Krogh
Last ned bilde
Den bortkomne faderen
Den bortkomne faderen
Marte von Krogh
Last ned bilde
Vennskapskunst
Vennskapskunst
Sondre Michaelsen
Last ned bilde
Vennskapskunst
Vennskapskunst
Sondre Michaelsen
Last ned bilde

Lenker

Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF9.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding

Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.

DIFF: Slagkraftig Fossefestival1.9.2025 15:16:43 CEST | Pressemelding

DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang få rikeleg med påfyll.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye