Kva om KI tek over verda?
19.3.2025 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Året er 2029. Verda er på kanten av kollaps. Så tek den kunstige intelligensen Omnitron over, og har ei løysing for å redde kloden. KI-en vil utrydde arten som er årsak til undergangen. Ber vi menneske kollektivt eit ansvar for å ha skapt kaoset? Kan vi i så fall be om nåde og erklære oss uskyldige?

PROSESSEN MOT MENNESKA
EIt konsept av Perez/Hasmo
URPREMIERE LAURDAG 29. MARS KL. 18.30
SCENE 2
Vi menneske har skapt KI for å gjere liva våre lettare, meir effektive, berekraftige, ja rett ut lykkelege. Men no har KI blitt smartare enn oss. Og KI ser at menneska er irrasjonelle, kjenslestyrte og ikkje klarer å leve etter sine eigne ideal. Dei snakkar om miljøvern og fred, men det dei gjer, er å øydelegge jorda, sette kortsiktig vinning og profitt framfor omsyn til miljø og andre menneske.
Ei handling av kjærleik
KI er rasjonell, og Omnitron har gjennom år lytta til og observert menneska, og stille kalkulert. Omnitron ser at menneska er den største trugselen mot jorda, og må utslettast i si noverande form. Dei er skyldige i krigar og forureining, utrydding av dyr og natur. Det einaste rasjonelle er å fjerne menneska for å redde kloden. Dei kan imidlertid bli opplasta til ein skyversjon. Dette meiner Omnitron er ei handling av kjærleik.
Dommen er falle, men i ein siste rettssak skal menneska få høve til å forsvare seg.

Teknofilosofisk teater
Prosessen mot menneska stiller seg i ein lang tradisjon innan science fiction. Regissør Peer Perez Øian og dramaturg Anders Hasmo har spesielt late seg inspirere av Karel Čapeks teaterstykke Rossums Universelle Robotar, forkorta R.U.R., frå 1920 i arbeidet med framsyninga. Med R.U.R fann Čapek faktisk opp omgrepet "robot". Les meir om R.U.R.
Framsyninga reiser ei rekke teknofilosofiske spørsmål. Kva skjer for eksempel om vi må stå til rette for vårt eige skaparverk? Bør menneska bli utrydda? Kva betyr det å vere menneske?
Prosessen mot menneska tek form som ei interaktiv framsyning, der publikum står på tiltakebenken i lag med skodespelarane, og får høve til å stille spørsmål til eller forsvare seg overfor Omnitron.

Ny teknologi og teater
Prosessen mot menneska er ein del av Creative Europe-prosjektet ACuTe, som har som mål å utforske og undersøke scenekunstproduksjon der ein nyttar nyskapande teknologi og forskar i nye samarbeidsstrukturar mellom scenekunstnarar og innovative tekniske miljø. Det Norske Teatret har forska i kategorien «ny dramaturgi» og framsyninga har blitt til i samarbeid med teknologibedrifta Net Nordic.
Spørsmålet dei ville finne svar på med prosjektet som har blitt Prosessen mot menneska var:
Kva tyder det å vere menneske i møte med ny teknologi? Les heile artikkelen til dramaturg Anders Hasmo om prosessen mot Prosessen mot menneska her.
Vi må snakke om KI!
I samband med framsyninga vil det også bli gjennomført ein serie arrangement der Det Norske Teatret i samarbeid med NetNordic set fokus på ulike aspekt ved kunstig intelligens som teknologisk og sosio-kulturelt fenomen.
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder


















Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom