Det Norske Teatret

Haust med store forteljingar

Del

I dag lanserer teatersjef Kjersti Horn repertoaret for hausten 2025. Store romanforteljingar utgjer pilarane i repertoaret, som femnar frå barneteater til historier frå norsk afro-diaspora.

Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, kjem til Det Norske Teatret i rå teaterform. Kjersti Horn har alt gjort furore i Danmark ved Betty Nansen Teatret med si nytolking av Victor Hugos storverk Les Misérables, og hausta strålande kritikkar. Til hausten kjem framsyninga endeleg til Det Norske Teatret.LES MISÉRABLES

I ei tid da barn sluttar tidlegare og tidlegare med å leike og let seg underhalde av skjermar både på skolen og heime, ønskjer regissør Peer Perez Øian å undersøke barnas eigen fantasi. Michael Endes berømte barneroman om Bastian, som forsvinn inn i historia i boka han finn, har brent seg fast i minnet til fleire generasjonar av barn. I haust løfter vi denne forteljinga fram på ny og inviterer nye barn med på Fantásias eventyr.DEN UENDELEGE HISTORIA

Vi møter ein ung kunstnar som blir henta inn for å redde eit museum i krise. Linda Gathus nyskrive stykke undersøker tema som det å vere kunstverdas mangfaldalibi, og skjult norsk historie i ei sjangerblandene form som beveger seg frå satire til afrofuturisme til magisk realisme. Publikum blir tatt med på ei reise gjennom 400 år med norsk afro-diaspora. Framsyninga er eit fiksjonsverk som hentar inspirasjon frå liva til faktiske personar frå den norske afro-diasporaen.SUKKER

Romanen frå 1983 er Göran Tunströms viktigaste verk, og fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984. I haust skal slektskrøniken om familien Nordensson frå den vesle byen Sunne, byen der han sjølv vaks opp, fylle Hovudscenen i Eirik Stubø sin regi. Vi skal til ei tid som ikkje lenger er, men også inn i draumar og minne, til radioens spede byrjing og Bachs store korverk.
JULEORATORIET

I fjor markerte vi tiårs-jubileum for det populære juleheftet Juleroser med å invitere til førjulsfest på Hovudscenen tre søndagar i advent. Det blei ei så varm og fin oppleving, at vi vil gjenta det heile i år - med nye gjestar og med Herborg Kråkevik som programleiar.
JULEROSER

Scene 3 vil by på fleire overraskande og nyskapande framsyningar i til hausten. Fullt program kjem seinare.SCENE 3

I tillegg til alt dette, går den fjerde versjonen av Den internasjonale Fossefestivalen av stabelen 5. - 13. september. Denne gongen med eit rykande ferskt Fossestykke, store internasjonale gjestespel og ein kjent forfattarprofil som prominent gjest. Heile programmet blir lansert seinare i april.DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Uttrykk Juleoratoriet
Uttrykk Juleoratoriet
Det Norske Teatret
Last ned bilde
Uttrykk Den uendelege historia
Uttrykk Den uendelege historia
Det Norske Teatret
Last ned bilde
Uttrykk Sukker
Uttrykk Sukker
Det Norske Teatret
Last ned bilde
Juleroser
Juleroser
Det Norske Teatret
Last ned bilde
Uttrykk Les Misérables
Uttrykk Les Misérables
Det Norske Teatret
Last ned bilde
SCENE 3
SCENE 3
Det Norske Teatret
Last ned bilde

Lenker

Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF9.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding

Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.

DIFF: Slagkraftig Fossefestival1.9.2025 15:16:43 CEST | Pressemelding

DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang få rikeleg med påfyll.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye