Vigdis Hjorths kritikarroste roman til Det Norske Teatret
Kritikarane henta fram dei store superlativa da Vigdis Hjorths omdiskuterte og sjølvbiografiske Arv og miljø hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018. No får framsyninga nypremiere på Det Norske Teatret - framleis med Kjersti Elvik i hovudrolla - flankert av eit heilt nytt og knallsterkt ensemble.

ARV OG MILJØ
av Vigdis Hjorth
NYPREMIERE LAURDAG 3. MAI KL. 18.00
HOVUDSCENEN
Kva er sanning? Og kven har rett til å definere kva som er sant og kva som ikkje er det? I regissør Kjersti Horns rå og ærlege uttrykk, og med bruk av videoprojeksjonar, kjem vi tett på hovudpersonen Bergliot si overgrepshistorie og hennar grenselause fortviling. Kjersti Elvik står aleine på scenen gjennom heile den to timar lange framsyninga. Resten av familien kjem til syne over hovudet hennar på ein storskjerm.

Starta eksplosiv debatt
Arv og miljø er ei dramatisering av Vigdis Hjorths omdiskuterte roman, som sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. Romanen blei ein bestseljar og trefte lesarar over heile landet med si brutale skildring av familierelasjonar og løyndomar som boblar opp til overflata.
Det heile blir utløyst av eit arveoppgjer i samband med at faren til Bergljot døyr. I kjølvatnet av ei konflikt rundt to sommarhytter på Hvaler, blir gamle historier om overgrep og ulike oppfatningar av kva som eigentleg har skjedd sett i spel.
Samtale med Vigdis Hjorth

Tysdag 6. mai kl. 18.00 er publikum invitert til ein introduksjon med forfattar Vigdis Hjorth i samtale med leiaren i Vennelaget Astrid Versto. Denne introduksjonen er i samarbeid med Venner av Det Norske Teatret.

Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder










Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Dragonblood: Kaotisk sjangermiks på Scene 311.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Only Slime overgår dei fleste i å blande sjangrar. I Dragonblood møter teater klubbkultur, viking live møter K-pop og salen blir sugd inn i eit spelinspirert eventyr som ikkje kan bli sett på pause. Ei på alle måtar omsluttande og radikal oppleving. Publikum er med dette åtvara.
Milo Rau – når politikk og teater ikkje er mogleg å skilje10.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, no gjer eit stopp på RESISTANCE NOW-turneen på Det Norske Teatret.
Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF9.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.
Premiere på Vinter og Skodespelet under Fossefestivalen4.9.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I morgon sparkar Fossefestivalen DIFF i gang med lansering av Vaim, den nye romanen til Jon Fosse. Deretter blir det premiere på Vinter i ei nytolking av det belgiske stjerneskotet Lisaboa Houbrechts. Laurdag byr vi på urpremiere på Skodespelet, eit heilt nytt stykke frå Fosses hand.
DIFF: Slagkraftig Fossefestival1.9.2025 15:16:43 CEST | Pressemelding
DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang få rikeleg med påfyll.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom