Nytt kart: Har du trua artar i nabolaget?
24.6.2025 09:45:34 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratets nye kart viser kvar i Noreg vi ventar å finne flest trua artar, såkalla «hotspottar» for trua artar.

– Vi skal ta betre vare på naturen vår, samtidig som vi bruker ressursane våre på ein berekraftig måte. For å få til dette treng vi betre kunnskap om kvar dei viktigaste artane og naturtypane finst. Dette vil dei nye karta bidra til. Eg er veldig takksam overfor dei tusenvis av frivillige som har bidrege med data. Dette er viktig for å sikre at ingen artar og naturtypar blir utrydda, og at utviklinga for trua og nær trua artar og naturtypar blir betre, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Dei nye modellerte karta viser kvar i Fastlands-Noreg det er gode sjansar for å finne trua fuglar, insekt, sopp, plantar og lav.
– Nedbygging av natur er den største trusselen mot naturmangfald, både internasjonalt og i Noreg. Dei nye karta er ei skattekiste, spesielt for kommunane, som no enkelt kan sjå kvar det sannsynlegvis finst trua artar som vi må ta omsyn til, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Klikk deg rundt i kartet under, og prøv dei ulike kartlaga eitt og eitt. Du kan justere gjennomsiktigheita på kartlaget ved å trykkje på dei tre prikkane ved namnet på det øvste nivået av kartlag: "Hotspottar for trua artar". Opne karta i eige vindauge her.
Flest «hotspottar» sør og aust i Noreg
Karta slår fast at vi finn aller flest artar i desse områda:
- Insekt og sopp: Det sentrale Austlandet og Sørlandet.
- Karplantar: Det er høg artsrikdom i det sentrale Austlandet og Sørlandet, men områda rundt Trondheimsfjorden er spesielt artsrike.
- Lav: Frå Trøndelag og sørover, litt lenger inn i landet.
- Fuglar: Jamt fordelt over heile landet.
-
Oslo, Akershus og Østfold er fylka med høgast prosentdel hotspottområde når ein ser på alle artar samla.
I tillegg viser karta mellom anna at
- dyrka mark, grasmark og skog er dei mest artsrike hovudøkosystema
- område med høg rikdom av karplantar, og av trua karplantar, har mykje karbon lagra både over og under bakken
- det er høg artsrikdom for alle artar i naturreservat, medan nasjonalparkar generelt har låg artsrikdom.
Sjå fleire funn i rapporten frå NTNU Gjærevollsenteret.
Viser kva område kommunen må passe på
Dei aller fleste «hotspot»-områda for trua artar ligg mindre enn 1 km unna der det allereie er gjort større naturinngrep.
– Karta viser at mange av områda med flest trua artar ligg i område som ikkje er verna. Det er kommunane som sit på nøkkelen til å ta vare på dette naturmangfaldet i arbeidet sitt med arealforvaltning, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Miljødirektoratet har også laget eigne kart som viser kor sikre dataa knytte til «hotspot»-områda er, noko som er spesielt verdifullt i arealforvaltning.
Om ein har eit område som sannsynlegvis er spesielt artsrikt, men kvar dataa er usikre, er dette eit område som kommunen bør prioritere å kartleggje før dei vurderer å gjere store inngrep i naturen.
Sjå kartet under. Opne karta i eige vindauge for å sjå teiknforklaringa.
Modellerte kart for over 7700 artar
Prosjektet har vore leidd av NTNU Gjærevollsenteret, saman med ekspertar frå NINA og Senter for berekraftig arealbruk (CeSAM) ved UIB. Arbeidet er finansiert av Miljødirektoratet.
Prosjektgruppa har analysert alle data som finst for Fastlands-Noreg som viser kvar artane er observert eller ikkje funne mellom 1990 og 2024 – over 35 millionar registreringar.
Ut frå dette har dei kunna modellere kva andre stader i landet vi kan vente å finne desse artane. Det gjer at vi kan identifisere område som sannsynlegvis er spesielt artsrike, såkalla hotspottar. Desse er markerte i kartet med ei oppløysing på 500 × 500 meter (0,25 km2).
I tillegg til kart over trua artar, er det modellert kart for alle artar i artsgruppene og for nasjonale ansvarsartar, altså artar der meir enn 25 % av heile den europeiske populasjonen finst i Noreg.
Behov for endå meir kunnskap
Dei nye karta byggjer på data frå meir enn 88 000 unike personar eller institusjonar, som har bidrege gjennom folkeforsking, kartleggingsprosjekt eller forskingsdata.
– Det er spesielt imponerande å sjå kor mykje folkeforsking har bidrege med dei siste åra. Dei nye modelleringsverktøya gjer at denne kartleggingsinnsatsen får ein ekstra meirverdi for oss i forvaltninga, seier Singsaas.
Prosjektgruppa trekkjer i leveransen sin fram at det er eit stort behov for meir artskartlegging og standardiserte metodar for korleis kartlegginga skal utførast, slik at ein kan lage betre kartprodukt for arealforvaltninga i tida framover.
Vil du bidra?
- Registrer artar du finn i Artsobservasjoner, Artsdatabankens database for registrering av artar
- Bli med på kartleggingsaktivitetar, til dømes den ville pollinatorteljinga
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder

Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Over 27 millioner kroner til opprydding av marin forsøpling i 20263.3.2026 14:00:35 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir i år tilskudd til 20 prosjekter som skal forebygge og rydde opp marin forsøpling langs kysten.
Sier ja til forsøksutsetting av genmodifiserte poteter3.3.2026 10:53:55 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tillatelse til å gjennomføre et feltforsøk med to potetlinjer som er genmodifisert for å tåle tørråte bedre.
Disse tiltakene gir håp for truede arter2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Flere truede arter har god effekt av bevaringstiltak som pågår, viser en ny rapport. Men skal effekten være varig, må arbeidet fortsette over tid.
Desse tiltaka gir håp for trua artar2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Fleire trua artar har god effekt av bevaringstiltak som blir gjennomførte, viser ein ny rapport. Men skal effekten vere varig, må arbeidet fortsetje over tid.
Nedgang i erstattede tap av tamrein og sau til rovvilt26.2.2026 11:24:06 CET | Pressemelding
Fjorårets erstatningsoppgjør viser en moderat nedgang i erstattede tap av tamrein og sau forårsaket av fredet rovvilt sammenliknet med de siste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom