Følg pukkellaks-fangsten frå dag til dag
1.7.2025 14:57:26 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
I sommar er storinvasjon venta av pukkellaks til norske elvar. Du kan følgje fangsten av den uønskte framandarten på Miljødirektoratets nettside.

– Sommaren for to år sidan kom nesten ein halv million pukkellaks til norske elvar. Av desse vart 250 000 fanga i feller og gjennom andre nedkjempingstiltak. På nettsida vår kan du følgje med på kor mange pukkellaks som blir fanga frå dag til dag i alle elvane der det blir gjort tiltak, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
– I år finansierer regjeringa tiltak for å stoppe pukkellaksen i over 60 elvar, og det er ein stor økning frå 2023. Førebuingane til årets pukkellaksinnrykk har vært gode, og eg er glad for at vi har eit godt samarbeid med mange lokale lag og foreiningar i Troms og Finnmark, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Skal nedkjempast i 100 elvar
Slik det ser ut no vil det bli gjort tiltak for å stoppe den uønskte framandarten pukkellaks i over 100 elvar i sommar, og 63 er statleg finansierte.
Alle som jobbar med å stoppe pukkellaks rapporterer fangsten sin dagleg til Miljødirektoratet. Statistikken blir fortløpande tilgjengeleg på nettsida til direktoratet.
Mykje lønna arbeid og noko dugnad
Den omfattande jobben ute i elvane blir gjord av lokale jeger- og fiskarforeiningar, grunneigarlag, bygdelag og idrettslag. I Finnmark og delar av Troms er mengda pukkellaks størst. Der blir tiltaka mot pukkellaks som hovudregel gjordt ved lønna arbeid.
46 foreiningar jobbar på kontrakt med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, og 16 foreiningar til har fått tilskotsmidlar. I tillegg til dette er det mange som har søkt og fått løyve til å gjennomføre nedkjempingstiltak på dugnad.
– Av stor betydning for oss alle
Foreiningane rapporterer kor mykje pukkellaks som blir avliva, men også kor mykje laks, sjøaure og sjørøye som blir sloppen opp i elva. Tala for dei vanlege artane som blir gjenutsette blir lagde ut med ei vekes forseinking.
På nettsida finn du eit kart med oversikt over alle tiltaka. Du kan sortere og filtrere på elv, art, reiskap, og om fisken er avliva eller gjenutsett. Du vel også kva tidsrom du vil sjå på ved å oppgi dato.
– Pukkellaks er ein alvorleg trussel mot vår eigen atlantiske laks og andre artar. Arbeidet med å få bukt med pukkellaksen har derfor mykje å seie for oss alle, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fjorårets fangstanlegg for pukkellaks i Tanavassdraget ga gode resultater og verdifull kunnskap for videre bekjempelse av arten.
Ny rapport: Pukkellaksfella i Tana fungerte godt12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Fangstanlegget for pukkellaks i fjor i Tanavassdraget gav gode resultat og verdifull kunnskap for vidare kamp mot arten.
Sápmi rammes hardt av klimaendringer11.5.2026 14:05:17 CEST | Pressemelding
Samiske aktører forteller om stadig mer krevende forhold i en ny rapport om klimaendringers konsekvenser i Sápmi.
Sápmi blir hardt ramma av klimaendringar11.5.2026 14:05:17 CEST | Pressemelding
Samiske aktørar fortel om stadig meir krevjande forhold i ein ny rapport om klimaendringars konsekvensar i Sápmi.
Tiltak i skog kan gi gevinster for både klima og natur6.5.2026 09:01:41 CEST | Pressemelding
En ny rapport viser at det er mulig å styrke skogens bidrag for å nå klimamål samtidig som naturverdier ivaretas.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom