Regjeringa set ned eit lovutval for å greie ut ny veglov
20.6.2025 11:57:22 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Det er i statsråd i dag, 20. juni 2025, satt ned eit offentleg utval som skal greie ut og foreslå ein ny veglov.
– Det har skjedd store organisatoriske endringar i vegsektoren etter at veglova vart vedteke i 1963. Gjeldande veglov er ikkje heilskapleg revidert etter at desse endringane vart vedtekne. Vi ser mellom anna behov for å tydeleggjere roller og ansvar i vegsektoren. Vi må òg fornye lova til dagens lovgjevingsstandard og i tråd med samfunns- og teknologiutviklinga, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Veglova regulerer planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar. Vidare skal veglova sørgje for å vareta mellom anna trafikktryggleik og framkomme.
– Vi må sjå veglova i eit samfunnsperspektiv. Den skal ta omsyn til grunnleggande menneskerettigheiter, innovasjon, samfunnsikkerheit og beredskap, samt klima og miljø. Veglova har derfor stor samfunnsmessig betydning og rører ved både enkeltmenneske, næringslivet vårt og viktige samfunnsfunksjonar. For å sikre eit oppdatert lovverk som er i tråd med samfunnsutviklinga er det no på tide med ein revisjon av veglova, seier Nygård.
Utvalet sine oppgåver
Utvalet skal gjere ein heilskapleg gjennomgang og utarbeide eit fullstendig forslag til ny veglov. Utvalet skal òg anbefale ein samla struktur for heile veglovgjevinga. Ny veglov skal vareta samfunnets behov for eit forståeleg og framtidsretta regelverk. Den skal òg støtte opp under effektiv bruk av samfunnets ressursar, god framkomme, trafikktryggleik, samfunnsikkerheit, klima og miljø.
Utvalet skal levere ein NOU innan utgangen av april 2028. Arbeidet startar opp i september i år.
Utvalets samansetning
– Vi set ned eit breitt samansett utval med elleve medlemmer som har kompetanse frå ulike fagfelt og god geografisk spreiing. Eg har tiltru til at dei vil levere godt på det mandatet dei er gitt, seier Nygård.
Utvalet har juridisk kompetanse innan mellom anna forvaltningsrett, lovgjevingslære, veglova, plan- og byggingsrett, EØS-rett med meir. Medlemmer har òg kompetanse innan vegsektoren, fylkeskommunal sektor, økonomi, teknologi og data, miljø og klima, samfunnsikring og beredskap, militær mobilitet, det digitale vegnettet med meir. Til saman vil dei dekkje dei emna som inngår i mandatet, og eg ser fram til å sjå resultatet av dette viktige arbeidet.
Utvalet skal leiast av førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, Jon Christian Fløysvik Nordrum.
Utvalets medlemmer
- Førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum, Drammen (leiar)
- Professor Vigdis Vandvik, Bergen
- Advokat Chirsti Erichsen Hurlen, Oslo
- Prosjektleiar Gro Holst Volden, Trondheim
- Avdelingsleiar Øyvind Strømseth, Tromsø
- Senior prosjektleiar Lone-Eirin Lervåg, Trondheim
- Sivilingeniør Einar Lunde, Lindesnes
- Juridisk sjef Bente Mari Nilssen, Oslo
- Direktør Tone Margrethe Oppedal, Sogndal
- Kommunikasjonssjef Trond Erik Thorvaldsen, Moss (foreslått av LO)
- Direktør Stein Windfeldt, Tromsø (foreslått av NHO)
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noDokumenter
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
Regjeringen fortsetter å rydde opp: Forskrift om internkontroll i drosjenæringen11.5.2026 15:28:31 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har fastsatt en ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen. Fra 1. juli 2026 må drosjesentralene sørge for at det blir innført og utført internkontroll i både egen virksomhet og i de tilknyttede løyvehavernes virksomhet.
Presseinvitasjon: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Geiranger 4. mai30.4.2026 14:26:50 CEST | Pressemelding
Mandag 4. mai besøker statsråden ulike aktører innen vei, reiseliv, intrastruktur og samfunnssikkerhet. Journalister og fotografer er velkomne til å dekke besøket.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom