Alvorleg feil: Kan vere fleire hundre tips vi aldri har fått
Tips sendt via tipsskjemaet vårt sidan mars i fjor har ikkje kome inn i vårt arkivsystem.
– Vi er bekymra for at vi kan ha gått glipp av viktige tips, og håpar folk vil sende oss tipsa sine på nytt, seier direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Atle Hamar.

Tips frå publikum er ein viktig del av tilsynsarbeidet vårt. På grunn av ein feil har vi ikkje fått tipsa sendt via tipsskjemaet vårt. Feilen har vore der sidan mars 2024, og blei oppdaga i juni i år.
– Vi er avhengige av tips frå publikum, og folk skal ha tillit til at tipsa dei sender kjem fram til oss. Dette er ein alvorleg feil, og det gjekk altfor lang tid før vi oppdaga den.
No er feilen retta, og her kan du sende oss tips.
Vi får inn tips knytt til tilsynsområda våre. Flest tipsar om ulovlege pengespel, men vi får også tips knytt til stiftelsar og tilskot til frivillige organisasjonar.
500 tips kan vere borte
Publikum har i perioden tipsa oss via andre kanalar som e-post, kontaktskjema og telefon. Men dei som har brukt tipsskjemaet har ikkje fått varsel om at tipset deira ikkje kom fram. Det er berre i tipsskjemaet publikum kan levere anonyme tips.
Vi har klart å hente fram 120 tips frå dei siste to månadane. Resten er automatisk sletta av personvernomsyn.
– Det betyr at fleire hundre tips kan vere borte for oss, men vi har ikkje eksakte tal. Vi skal gå grundig igjennom dette og gjere dei endringane som må til for å unngå at liknande skjer igjen, seier Hamar.
Vi er avhengige av tips frå publikum
Feilen blei retta då den blei oppdaga.
– Folk skal ha tillit til at tipsa dei sender kjem fram, og at vi tar det på alvor. Å få inn tips er viktig for oss. Fleire av tilsyna våre startar med tips frå publikum.
Kontakter
Atle Hamar
Tel:99 28 43 00Atle.Hamar@lottstift.noBilder

Lenker
Om Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar for at færre skal oppleve speleproblem, at det skal bli enklare å drive frivilligheit, og at stiftelsane skal tene formåla sine. Les meir om oss her.
Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet
Rekordutbetaling til frivilligheten – se hvem som har fått momskompensasjon i din kommune17.12.2024 13:02:00 CET | Pressemelding
Lotteri- og stiftelsestilsynet betaler ut 2,7 milliarder i momskompensasjon til frivillige organisasjoner. Du kan enkelt få oversikt over hvor mye som er betalt ut i din kommune.
24 800 frivillige organisasjonar har søkt om 2,78 milliardar kroner i momskompensasjon24.9.2024 08:10:49 CEST | Pressemelding
– Aldri før har så mange søkt momskompensasjon på varer og tenester. Det viser at det er høg aktivitet i dei frivillige organisasjonane, seier Marianne Skjeldestad Hove i Lotteritilsynet.
Norsk Tipping og Norsk Rikstoto kutter i markedsføringen26.10.2023 12:04:14 CEST | Pressemelding
- Lotteritilsynet er fornøyd med at begge pengespilltilbyderne har landet prosessen med å få redusert markedsføringstrykket. Reklame og markedsføring for pengespill er skadelig for de som har problemer med pengespill, sier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Flere store spillselskaper varsler at de trekker seg ut av Norge14.9.2023 07:00:00 CEST | Pressemelding
Selskapene bak Unibet, Betsson, ComeOn og Bet365 har drevet ulovlig i Norge i flere år. Nå er de i ferd med å trekke seg ut av det norske markedet etter at vi har gjennomført tilsyn mot dem.
Mange færre nordmenn har pengespillproblemer31.5.2023 12:00:00 CEST | Pressemelding
Om lag 23 000 nordmenn har problemer med pengespill og omtrent 93 000 tusen er i risikosonen, viser ny undersøkelse. – Nedgangen er så stor at det ikke er tvil om at arbeidet med å stanse ulovlige pengespillselskap har effekt, sier avdelingsdirektør i Lotteritilsynet Henrik Nordal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom